Conflans-Sainte-Honorine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunen Conflans-Sainte-Honorines plass på kartet.
Kaier langs Seinen i Conflans-Sainte-Honorine.
Elva Oise (til venstre) renn saman med elva Seinen (til høgre) på ein stad som vert kalla Pointil eller Pointis.
Lektertrafikken på Seinen forbi Conflans-Sainte-Honorine.

Conflans-Sainte-Honorine er ein kommune nord i departementet Yvelines i regionen Île-de-France i Frankrike. Kommunen dekkjer eit areal på 990 hektar, og høgda over havet varierer mellom 17 og 60 meter. Folketalet var 35 135 i 2012. Folk frå kommunen vert kalla conflanais.

Kommunen utvikla seg bymessig på høgre breidda av elva Seinen (la Seine), der elva Oise og Seinen flyt ihop, men er no vorte ein by òg på den venstre breidda. Då kommunen berre ligg eit tjuetals kilometer frå sentrum av Paris, er han ein av dei nord-vestlege forstadane til Paris.

Namnet «Conflans» kjem frå latin, confluens, confluentis, som tyder sameining av to vassdrag: Le Confluent. Landsbyen fekk i tillegg namn etter helgenen Sainte Honorine etter år 1200, då Honorina var ein kvinnelige helgen som særleg vart dyrka i Conflans. Ho var opphavleg ei gallo-romansk kvinne som vart martyr i år 303 i nærleiken av Lillebonne ikkje langt frå notidas by le Havre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]