Copernicus på månen
| Mosaikk av bilete frå Lunar Reconnaissance Orbiter | |||
| Koordinatar | 9°37′N 20°05′W / 9.62°N 20.08°W | ||
|---|---|---|---|
| Diameter | 93 km | ||
| Djupne | 3,8 km | ||
| Colengdegrad | 20° ved soloppgang | ||
| Eponym | Nicolaus Copernicus | ||
Copernicus er eit månekrater eller ringfjell kalla opp etter astronomen Nicolaus Copernicus. Det ligg aust i Oceanus Procellarum.
Eigenskapar
[endre | endre wikiteksten]

Copernicus er synleg ved hjelp av kikkert, og ligg noko nordvest for midten av sida av månen som vender mot jorda. Sør for krateret ligg Mare Insularum, og sør-sørvest ligg krater Reinhold. Nord for Copernicus er Montes Carpatus, som ligg ved sørenden av Mare Imbrium. Vest for Copernicus ligg ei gruppe åsar. På grunn av den relativt unge alderen, har krateret vore relativt urørt sidan det vart danna.
Apollo 12-toktet landa sør for Copernicus på Oceanus Procellarum. Ein av strålane frå materialet som vart kasta ut frå krateret gjekk gjennom her, og forskarar håpa at jordprøvane ville syne alderen til krateret. Prøvane viste ikkje noko tydeleg svar, men var heller ikkje inkonsistente med eit estimat som sa at krateret vart danna for 800 millionar år sidan. Copernicus vart rekna som ein av dei mogelege landingsstadane for det avlyste Apollo 20-oppdraget.

Satellittkrater
[endre | endre wikiteksten]Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Copernicus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Copernicus (lunar crater)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pieters, C. M. (1. januar 1982). «Copernicus crater central peak - Lunar mountain of unique composition». Science. 215 (4528): 59–61. Bibcode:1982Sci...215...59P. doi:10.1126/science.215.4528.59. PMID 17790469.
- Cortright, Edgar M. (1968). «A Closer Look at Copernicus». SP-168 Exploring Space with a Camera. NASA Langley Research Center. s. 116.
- Wood, Chuck (14. oktober 2006). «Superb Copernicus». Lunar Photo of the Day. Henta 16. oktober 2006.
- Bugiolacchi; et al. (2011). «An in-depth look at the lunar crater Copernicus: Exposed mineralogy by high-resolution near-infrared spectroscopy». Harvard.edu.
{{cite web}}: Explicit use of et al. in:|author2=(hjelp) - Andersson, L. E.; Whitaker, E. A. (1982). NASA Catalogue of Lunar Nomenclature (PDF). NASA RP-1097. Arkivert frå originalen den 6. oktober 2014. Henta 31. august 2015.
{{cite book}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - Blue, Jennifer (25. juli 2007). «Gazetteer of Planetary Nomenclature». USGS. Henta 2. oktober 2014.
{{cite web}}: Invalid|ref=harv(hjelp)[daud lenkje] - Bussey, B.; Spudis, P. (2004). The Clementine Atlas of the Moon. New York: Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-81528-4.
{{cite book}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - Cocks, Elijah E.; Cocks, Josiah C. (1995). Who's Who on the Moon: A Biographical Dictionary of Lunar Nomenclature. Tudor Publishers. ISBN 978-0-936389-27-1.
{{cite book}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - McDowell, Jonathan (15. juli 2007). «Lunar Nomenclature». Jonathan's Space Report. Henta 24. oktober 2007.
{{cite web}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - doi:10.1007/BF00171763 10.1007/BF00171763
- Moore, Patrick (2001). On the Moon. Sterling Publishing Co. ISBN 978-0-304-35469-6.
{{cite book}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - Price, Fred W. (1988). The Moon Observer's Handbook. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-33500-3.
{{cite book}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - Rükl, Antonín (1990). Atlas of the Moon. Kalmbach Books. ISBN 978-0-913135-17-4.
{{cite book}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - Webb, Rev. T. W. (1962). Celestial Objects for Common Telescopes (6th revised utg.). Dover. ISBN 978-0-486-20917-3.
{{cite book}}: ISBN / Date incompatibility (hjelp); Invalid|ref=harv(hjelp) - Whitaker, Ewen A. (2003). Mapping and Naming the Moon. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-54414-6.
{{cite book}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - Wlasuk, Peter T. (2000). Observing the Moon. Springer Science & Business Media. ISBN 978-1-852-33193-1.