Coricancha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Santo Domingo og ein rest av Coricancha
Illustrasjon frå Coriancha av Martín de Murúa frå 1500/1600-talet.

Coricancha (quechua Qurikancha, 'gullplassen') var eit tempelkompleks i Cuzco, i dag kalla soltempelet på norsk. Det var hovudsakleg vigd til solguden Inti, og var det viktigaste tempelet i Inkariket.

Bygg og gjenstandar i komplekset

Her var òg gjenstandar i reint gull, til dømes altar og lamafigurar. Soltempelet var kledd innvendig med 700 plater av gull som kvar vog om lag 2 kg. Den oktogonale fontsteinen er 1,5 meter i diameter og 1,3 meter djup. Han var dekt med 55 kg gull.

Berre tre europearar skal ha sett soltempelet i all si prakt. Dei demonterte kunstskattane og andre verdisaker og førte dei til Cajamarca som del av løysepengane for Atahualpa. Men mange gjenstandar vart attlatne. Mellom andre «Den gylne sola», som seinare aldri har kome til rettes.

I dag er kyrkja og klostret Santo Domingo bygd på Coricancha; steinmurar frå Coricancha er bevart og er kanskje det finaste dømet på murhandverk frå Inkatida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Steinar Anda og Jørgen Blitzner, Peru, skatter skjult i jungel, gjemt i sand, Eide forlag (2004), ISBN 82-514-0669-2
  • John Hemming, The Conquest of the Incas, Macmillan (1970)
  • Rob Rachowiecki, Peru, 3. opplag, Lonely Planet (1996)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]