Costa Brava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lloret de Mar, den største feriestaden i Costa Brava

Costa Brava er eit kystområde nordaust i Catalonia i Spania i comarques Alt Empordà, Baix Empordà og La Selva i provinsen Girona. Costa er det katalanske og spanske ordet for «kyst» og Brava tyder «ulendt» eller «vill». Costa Brava strekkjer seg frå Blanes, 60 km nordaust for Barcelona, til grensa av Frankrike.

I 1950-åra utpeikte Franco-regimet Costa Brava som ein passande stad for å skape ein turistdestinasjon, hovudsakleg for pakketuristar frå Nord-Europa, og særleg Storbritannia og Frankrike. Kombinasjonen av varmt sommarvêr, flott natur og flotte strender førte til at det vart bygd hotell og leilegheiter i hopetal på stader som Blanes, Tossa de Mar og Lloret de Mar. Turismen tok raskt over frå fiske som hovudnæringa i området.

Cadaqués

Sjølv om store delar av Costa Brava er utbygd med omsyn til turismen, finst her òg stader som har ein meir tradisjonell utsjånad for turistar som vil ha noko meir enn berre sol, strand og sangria.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]