Coxhoe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Coxhoe
landsby
Land  England
Fylke County Durham
Kart
Coxhoe
54°42′50″N 1°30′11″W / 54.714°N 1.503°W / 54.714; -1.503
Wikimedia Commons: Coxhoe

Coxhoe er ein landsby i County Durham i England.[1][2] Han ligg kring 8 km sør for sentrum av Durham. Civil parish-området Coxhoe omfattar òg busetnaden Quarrington Hill i nærleiken. Valområdet Coxhoe er endå større, og har eit folketal på 7 027.[3] Namet «Coxhoe», kjend som Cokishow kring 1240, er truleg avleidd frå eit gammalengelsk personnamn som *Cocc og hōh, ‘høgde’.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den eldste gjenstanden som er funnen i området er ei enkel øks frå bronsealderen. Det finst få andre gjenstandar frå før mellomalderen, då området fyrst utvikla seg. Ein tidlegare landsby utvikla seg ved Coxhoe East House, men blei truleg fråflytta på byrjinga av 1500-talet.

Den moderne landsbyen Coxhoe utvikla seg på 1700- og 1800-talet, i lag med kolgruver i området. Han er fyrst registrert i 1750. Gruva Coxhoe Colliery blei opna i 1827; frå 1801 til 1841 auka folkesetnaden frå 117 til 3 904. Restar av andre delar av kolindustrien er framleis synlege i nærleiken. Bygningane frå Heugh Hall er no ein del av ein gard, medan løpet til den gamle hestebana framleis er synleg i terrenget.

Coxhoe hadde to jernbanestasjonar, ein i sør og ein i nord. Det var ein keramikkverkversktad i Coxhoe frå 1769 som fyrst produserte grove brune pottar, og frå 1851 byrja det òg å lage tobakkspiper. Coxhoe hadde òg sitt eige gassverk, som produserte gass frå lokalt kol og så sendte han rundt i landsbyen gjennom eit røyrsystem. Det meste av kolet blei transportert ut av Coxhoe av Clarence Railway.

Coxhoe Hall[endre | endre wikiteksten]

Coxhoe Hall var eit toetasjes hus med fem travéar frå kring 1725. Det blei bygd for John Burdon på staden der det hadde stått eit hus frå tudortida. Dette huset hadde tilhøyrt Blakiston-familien frå ca.1400 til 1600, og deretter familien Kennet og jarlane av Seaforth. John Burdon, som var ansvarleg for å byggja huset om, skapte òg landskapshagen ved Hardwick Hall nær Sedgefield.

Den enkle bygningen i klassisk stil fekk seinare eit gotisk preg, med kreneleringar og lansettvindauge. Diktaren Elizabeth Barrett Browning budde her tidleg i barndommen.

Huset blei kjøpt av East Hetton Colliery Company i 1938, og blei brukt til å husa italienske og tyske krigsfangar under andre verdskrigen. Bygningen blei funnen å vera utrygg av National Coal Board, og riven i 1956. Grunnmuren, tenestebygningane og portstolpane er framleis synlege.

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ordnance Survey: Landranger map sheet 93 Middlesbrough (Darlington & Hartlepool) (Map). Ordnance Survey. 2010. ISBN 9780319228777. 
  2. «Ordnance Survey: 1:50,000 Scale Gazetteer» (csv (download)). www.ordnancesurvey.co.uk. Ordnance Survey. 1 January 2016. Henta 18 February 2016. 
  3. UK Census (2011). «Local Area Report – Coxhoe Ward (as of 2011) (1237326520)». Nomis. Office for National Statistics. Henta 1 October 2018. 
  4. Mills, A. D. (2011). «Coxhoe». A Dictionary of British Place Names (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-960908-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Coxhoe