Hopp til innhald

Crawley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crawley
by
Motto: I Grow and I Rejoice – «Eg veks og eg frydar meg»
Land  England
Region West Sussex
Distrikt Crawley
Areal 44,96 km²
Folketal 106 597 (2011)
Grunnlagd 400-talet
Postnummer RH6 og RH10-11
Retningsnummer 01293
Kart
Crawley
51°06′57″N 0°11′37″W / 51.1157°N 0.1937°W / 51.1157; -0.1937
Wikimedia Commons: Crawley

Crawley er ein by og eit administrativt distrikt i West Sussex, England. Han ligg ved grensa til Surrey. Byen er ikkje inndelt i mindre einingar som kretsar eller verdslege sokn.

Byen nådde eit folketal på noko under 10 000 før andre verdskrigen, ein vekst som for det meste skulda nærleiken til hovudvegen mellom London og Brighton, som i dag er M23 / A23. I 1950- og 1960-åra byrja han å vekse kraftig, etter at han i 1947 hadde vorte klassifisert som ein New Town, ein by som skulle byggjast opp for å avlaste storbyane i nærleiken, spesielt London. Folketalet nådde i løpet av 1960-åra 60 000, og han har halde fram å vekse. Under økonomiske oppgangstider i 1980-åra hadde byen det lågaste arbeidsløysenivået i Storbritannia.

Queen's Square, eit stort shoppingområde i sentrum.

Crawley er inndelt i 13 bydelar, som ikkje har noka administrativ rolle.

Distriktet omfattar òg området Gatwick, der London Gatwick Airport ligg.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Crawley