Creemore Springs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Creemore Springs-bryggeriet i Creemore

Creemore Springs er eit mikrobryggeri i Creemore i Ontario i Canada. Bryggeriet vart opna i 1987 av John Wiggins, og laga opphavleg vanleg lagerøl, før det utvida til å bryggja med mørkare malt i ein kjele over eld.[1] I 2005 blei bryggeriet kjøpt av Molson,[2] eit dotterselskap av Molson Coors Brewing Company.

Bryggeriet er kjent for ikkje å nytte konserveringsmiddel i verken brygginga eller pasteurisering. På grunn av dettte, tilrår det at brygget alltid blir lagra kjølig. Bryggeriet seier at dei berre nyttar fire ingrediensar i bryggeprosessen - byggmalt, humle, vatn og gjær.

Bryggeriet nyttar vatn frå ein artesisk brønn i brygginga. Vatnet kjem frå Creemore Spring som ligg på eigedomen til ein av grunnleggarane. Kvar dag køyrer ein billastar på 10 000 liter frå kjelda til bryggeriet. Kvar billast er nok til ein sats.

Flaggskipet eit böhmisk tsjekkisk lagerøl. Det er mørkare i fargen enn Pilsner Urquell. Bryggeriet hevdar at Pilsner Urquell har gitt inspirasjon til deira øl.

Creemore Springs vart overtatt av Molson frå Molson Coors Brewing Company den 22. april 2005.[3]

Dei var det andre bryggeriet i Ontarior – etter Hockley Valley – til å selje produkta sine på boks.

I 2009 søkte Creemore Springs om løyve til å planlegge utviding av bryggeriet med 60 % slik at dei kan tredoble bryggingskapasiteten til 150 000 hl i året. Plasseringa av ein så stor industriell aktivitet i sentrum av Creemore har skapt mykje debatt.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Burtch, Troy (21. september 2007). «Creemore Springs Brewery». Canadian Beer. Canadian Beer Blog. Henta 27. januar 2017. 
  2. "Molson buys Creemore Springs Brewery." CBC News. 22. april 2005.
  3. Molson buys Creemore Springs Brewery

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]