Croydon
Utsjånad
| Croydon | |||
| by | |||
Croydon sett frå Colonnades. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Stor-London | ||
| Distrikt | London Borough of Croydon | ||
| Folketal | 192 064 | ||
| Postnummer | CR0 | ||
| Retningsnummer | 0 20 | ||
![]() Croydon 51°22′22″N 0°06′36″W / 51.3727°N 0.1099°W | |||
| Wikimedia Commons: Croydon, London | |||
Croydon er ein by sør i London i London Borough of Croydon i England. Han har kring 200 000 innbyggjarar. Han ligg 15 km sør for Charing Cross og er eit av 11 storbysenter i Londonplanen for Stor-London.
Historisk var byen ein del av Surrey. Croydon voks i mellomalderen som ein marknadsby og eit senter for produksjon av trekol. Surrey Iron Railway frå Croydon til Wandsworth opna i 1803 og var den første offentlege hestedrivne jernbanen i verda. Tidleg på 1900-talet var Croydon eit viktig industriområde, særleg kjend for produksjon av bilar, metallarbeid og luftfart. Croydon vart ein del av Stor-London i 1965.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Croydon» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2011.
