Trekol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei karakterisktiske årringane i veden er tydeleg å sjå i denne trekolbiten.
Glødande trekol.
Trekolfabrikk i Coulombiers i Vienne i Frankrike.
Kolmile.

Trekol er eit porøst materiale som inneheld frå 85 % til 98 % karbon (kolstoff), framstilt ved at ved av høvelege tresortar vert varma opp utan at oksygen slepp til, til dømes i ein lukka dunk. Dei andre emna i treet enn karbon vert skilde ut av treet under denne prosessen, som vert kalla tørrdestillasjon. Hundre kilo med tre vil gjeve om lag 25 kilo trekol, 46 kilo vatn, 23 kilo gass (for det meste karbonmonoksid), 4 kilo tjøre og dessutan små mengder av somme andre emne.

I tidlegare tider vart trekol framstilt etter det same prinsippet i kolmiler. Veden vart stabla opp etter eit fastsett mønster i ein kuppelforma haug, dekt til med eit ytre lag av jord, grastorv og liknande, og tent på i midten under streng overvaking av lufttilgangen, slik at noko av den inste veden brann opp på kontrollert vis og varma opp resten av veden til den temperaturen som var naudsynt for at tørrdestilasjonen skulle gå føre seg.

Temperaturen under produksjonsprosessen er avgjerande for kva slags kvalitet trekolet får. Er temperaturen 300 °C, vil trekolet verte brunleg, bøyeleg, og lett kunne tennast på ved 380 °C, medan trekol laga ved høgare temperatur vert hardt og porøst og tek ikkje fyr før ved om lag 700 °C.

Andre organiske råstoff enn tre kan òg nyttast til å framstille trekol på den same måten, som til dømes knoklar av slakta dyr, slik at ein får knokkeltrekol (som vil ha stort innhald av kalsiumfosfat), sukker som gjev sukkertrekol, og så bortetter.

Trekol brenn og gløder nesten utan røyk, og gjev ein sterk varme som kan nyttast både til matlaging og husoppvarming. Ved å tilføre oksygen til glødande trekol ved hjelp av blåsebelgar gjev kolet varme som er sterk nok for smedarbeid og metallstøyping. Pulverisert trekol er dessutan eit viktig emne i krut (saman med svovel og salpeter), og små stavar av trekol er nytta av kunstnarar til å teikne med. Trekol har òg vore nytta som varmekjelde og reduksjonsmiddel under smelting av malm, men er no erstatta av koks, som er framstilt av steinkol.

Trekol har evna til å dra til seg gassar og væsker, og vert difor nytta i mange samanhangar til reinsing og oppsuging, som til dømes i filtre i gassmasker for å dra til seg gass som ikkje skal pustast inn, eller som aktivt kol som folk får å ete dersom dei har fått i seg gift eller andre farlege emne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]