José Carlos José

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
José Carlos José
Statsborgarskap Portugal
Fødd 22. september 1941
Vila Franca de Xira
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

José Carlos da Silva José, ofte berre José Carlos, (fødd 22. september 1941) er ein portugisisk tidlegare fotballspelar frå Vila Franca de Xira. Forsvarspelaren vann cupvinnarcupen 1964 med Sporting Lisboa og tok VM-bronse 1966 med Portugal sitt landslag.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

José Carlos spelte på toppserielaget CUF Barreiro frå 1960 til -62. Dei neste 12 sesongane gjorde han teneste i Sporting Lisboa, der han var med om å vinne tre portugisiske meisterskapstitlar og fire nasjonale cuppokalar. I mai 1964 tok han plass i midtforsvaret då Sporting vann finalen i cupvinnarcupen 1964, etter 1-0 mot ungarske MTK Budapest i Antwerpen. Han avslutta som aktiv med ein sesong i Braga 1974/75.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

José Carlos spelte 36 kampar for Portugal i tida 1961-71, utan å skåre. Under Fotball-VM 1966 var han med i semifinalen mot England som enda med tap 2-1 og bronsefinalen mot Sovjetunionen, der Portugal sikra seg bronsemedaljen med eit seint 2-1-mål. Han var lagkaptein i 4 av sine 5 siste kampar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-bronse: 1966 for Portugal
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1964 med Sporting Lisboa
  • Portugisisk seriemeister: 1966, 1970, 1974 med Sporting Lisboa
  • Portugisisk cupmeister: 1963, 1971, 1974 med Sporting Lisboa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]