Cupvinnarcupfinalen i fotball 1972

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1972 fann stad på Camp Nou i Barcelona 24. mai 1972, framfor 24 701 tilskodarar. Rangers FC frå Glasgow vann finalen, den 12. i sitt slag, med siffera 3-2 over Dynamo Moskva.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Colin Stein gav Rangers leiinga i det 23. minutt. Willie Johnston la på til 2-0 i det 40. og til 3-0 i det 49. minutt av kampen. Valdimir Esjtrekov reduserte så til 1-3 i det 60. minutt og Aleksandr Makhovikov til 2-3 fire minuttar før tida var ute, nærare utlikning kom ikkje Dynamo Moskva.

José María Ortiz frå Spania dømde kampen. Ettersom han dømde også Cupvinnarcupfinalen 1968, vart han den einaste som var kampleiar i to ulike finalar i turneringa.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Rangers sitt vinnarlag var: Peter McCloy, Sandy Jardine, John Greig (kaptein), Derek Jonstone, Willie Mathieson, David Smith, Tommy McLean, Alex MacDonald, Alfie Conn, Colin Stein og Willie Johnston.

Dynamo Moskva mønstra: Vladimir Pilguj, Vladimir Basalajev, Oleg Dolmatov, Valerij Zykov (kaptein), Valdimir Dolbonosv, Jevgenij Zjukov, Jozjef Sabo, Aleksandr Makhovikov, Anatolij Bajdatsjnij, Andrej Jakubik og Gennadij Jevrjuzjikhin. Etter høvesvis 55 og 68 minuttars spel entra Vladimir Esjtrekov og Mikhail Gersjkovitsj bana, ut gjekk fyrst Jakubik og så Dolbonosov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]