Cypriakreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cypriakreps
Cypriakreps Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
Cypriakreps
Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Klasse: Muslingkreps Ostracoda
Orden: Podocopida
Familie: Candonidae
Slekt: Cypria
Art: Cypriakreps C. opthalmica
Vitskapleg namn
Cypria opthalmica
(Jurine, 1820)

Cypriakreps (Cypria opthalmica) er ein brunspreklete muslingkreps med ein stor og tydeleg augeflekk. Skalet har ei lengd på 0,6–0,7 millimeter. Hannar er vanlege hjå arten.

Cypriakreps liknar mykje på Cypria exculpta, men denne er alltid større og har fine stripar i skalet.

Levemiljø[endre | endre wikiteksten]

Cypriakreps kan danna ekstreme konsentrasjonar i dammar utan fisk. Dei lever mellom rotnande lauv, gjerne i område med lite ljos, og kan tola eutrofiering og låge oksygenkonsentrasjonar. Cypriakreps er òg vorte funne på djupner på fleire hundre meter.

Cypriakreps er heller ikkje uvanleg i stilleflytane bekkar og elvar, særleg der det er høgt innhald av detritus.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten har ei holarktisk utbreiing. I Noreg er han vanleg på heile Austlandet og langs kysten nordover til Møre, men er so langt ikkje funnen lenger nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]