DS «Felix Scheder»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere (Tyskland)
Namn: «Felix Scheder»
Verft: Nylands mekaniske verksted
Sjøsett: 1941
Lagnad: Sokk på Sunnmøre i 1944.
Generelle mål
Klasse og type: Forpostbåt
Deplasement: 382 brt
Lengd: 45 m
Breidd: 8 m
Framdrift: Dampmotor
Fart: 12 knop

DS «Felix Scheder» var ein tysk forpostbåt som vart senka i Åramsundet i Sande kommune på Sunnmøre i 1944.

D/S «Felix Scheder» vart opphavleg bygd som ei kvalfangstskute i 1941Nylands mekaniske verksted i Oslo. Etterkvart vart han sett inn i teneste som forpostbåt (tysk. Vorpostboot), først i flotiljen V-5502, deretter V-5307. 12. september 1944 vart DS «Felix Scheder» seinka av Barracuda-fly frå RAF skvadron 827 i Åramsundet mellom Åram og Voksa i Sande kommune på Sunnmøre. 22 personar omkom.

Vraket vart oppdaga på ca. 30 meters djup av Reidar Stridh i 1985 og har vorte eit populært mål for dykkarar. Området rundt vraket har vore reinska for miner og bomber fleire gongar, og så seint som hausten 2004 vart det funne ei søkkemine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]