Dag Haugland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dag Haugland
Fødd19. august 1960
NasjonalitetNoreg
Yrkeinformatikar

Dag Haugland (fødd 19. august 1960)[1][2] er ein norsk professor i informatikk og optimering. Han driv òg med maratonløp.

Haugland har jobba ved Universitetet i Bergen nesten heile yrkeslivet, og er i dag professor på Institutt for informatikk. Haugland si forsking har vore innan operasjonsanalyse og optimering (den kvantitative greina av logistikk). Han har publisert arbeid innan kombinatorisk optimering, global optimering og flyt i nettverk.[3] Han har òg jobba for Christian Michelsens Institutt i Bergen, blant anna med doktoravhandlinga frå 1991 som handla om produksjonsplanlegging for oljeraffineri og var rettleidd av Sverre Storøy.[4]

Dag Haugland er maratonløpar for IL Varegg[5] i Bergen. Hans personlege rekord er på 2.29.55 frå 1995 i Hamburg, men då representerte han IL Skjalg og Noreg.[2][1] Han fekk bronsa i NM i friidrett 2008 med tida 2.41 .00 bak vinnaren Henrik Sandstad og sølvvinnaren Ronny Hognestad.[6][5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Alle tider menn – Øving
  2. 2,0 2,1 Alle tider menn – Alfabetisk sortering på etternamn
  3. Ifølgje hans eiga hjemmeside på Universitetet i Bergen som ble sist avlest den 16/7-2014.
  4. Temaet for doktorarbeidet står i innholdsfortegnelse til doktorgradsavhandling som ligger på www.ub.uib.no Besøkt 16. juli 2014.
  5. 5,0 5,1 Medaljevinnarar i Maraton-NM for menn
  6. Bilete av Haugland frå Jølster i 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]