Hopp til innhald

Maraton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den kenyanske maratonløparen Catherine Ndereba under VM i friidrett 2005.

Maraton er eit løp som går over 42 195 m. Løpet er rekna som svært krevjande, og ordet «maraton» blir ofte brukt for å beskrive noko som krev stort uthald.

Namnet maraton kjem frå ei gresk legende som fortel om korleis soldaten Pheidippides sprang frå byen Marathon (i dag Marathónas) i Hellas til Athen for å forkynne at perserane hadde blitt slått i slaget om Marathon. Legenda fortel at Pheidippides døydde like etter han hadde fått fortalt at grekarane hadde vunne slaget.

Standardlengda på 42 195 m er ikkje den nøyaktige distansen mellom Marathon og Athen. I OL frå 1896 til 1920 varierte maratondistansen mellom 40 km og 42,75 km. I 1921 bestemte det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) at standardlengda skulle vere 42 195 m. Det var den distansen som blei sprunge i OL i 1908, mellom Windsor og White City Stadium i London.

Det gjekk likevel ei tid før standardlengda blei endeleg etablert. Under EM i friidrett i Oslo i 1946 var maratondistansen på 40 200 m, og i Sverige blei standardlengda innført først i 1948.[1]

Rekord Kven Nasjonalitet Tid Kvar Når
Verdsrekord, mennKelvin Kiptum Kenya2.00.35Chicago2023
Verdsrekord, kvinnerPaula Radcliffe England2.15.25London 2003
Norsk rekord, mennGeir Kvernmo Noreg2.10.17London1987
Norsk rekord, kvinnerIngrid Kristiansen Noreg2.21.06London1985

Kjende norske maratonløparar

[endre | endre wikiteksten]

Nokre norske maratonløp

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. desember 2005, henta 8. juni 2009

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]