Daim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein delt Daim
Foto: Evan-Amos
Daim.
Foto: Adrião
Freia Mjølkesjokolade med daim seld saman med andre sjokoladetypar frå Freia i ein Rema 1000 butikk, 2020
Foto: Marius Vassnes

Daim (tidlegare Dajm) er ein sjokolade med kombinasjon av sprø mandelkrokan og mjukt mjølkesjokoladetrekk. Sjokoladen er mest populær i Skandinavia, men vert òg seld i blant anna Frankrike, Tyskland og Storbritannia.

Sjokoladen vart lansert i Sverige og Noreg i 1953, i Finland rundt 1963 og i Danmark i 1971.

Tidlegare heitte sjokoladen Dajm, men han bytta namn i Norden i 1990 for å få same namn i alle land. I Storbritannia heitte sjokoladen tidlegare Dime, men Kraft Foods byta i 2005 namnet til Daim.[1]

Daim vert produsert på ein fabrikk i Upplands Väsby, nord for Stockholm.

I 2007 vart det lansert ein Limited Edition Daim med cappuccino-smak, medan det i 2008 kom ein type med skogsbærsmak.

I 2018 vart det lansert eit avgrensa opplag Daim med mintsmak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. confectionerynews.com, «UK Dime chocolate to become Daim, in line with Europe», confectionerynews.com (på engelsk), henta 1. desember 2021 

Bakgrunsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Daim