Gimsøy kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gimsøy kloster

EigarBenediktinarordenen
Påbegynt1100-talet
Kart
Gimsøy kloster
59°11′56″N 9°36′39″E / 59.19891°N 9.610934°E / 59.19891; 9.610934

Gimsøy kloster var eit nonnekloster som tilhøyrte benediktinarordenen. Klosterbygningane og hovudsetet låg på Klosterøya i Skien, omtrent der der Union hadde fabrikkanlegget sitt fram til 2006. Klosteret brann i 1546, og det er i dag ingen spor etter bygningane over bakkenivå.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klostret skal ha vorte oppretta i midten av 1150-åra av lendmannen Dag Eilivsson, etter at han hadde vore med kong Sigurd Jorsalfare til Jerusalem og Konstantinopel i tida 1108–1111 og kome heilskinna heim. På vegen ut overvintra følgjet på 6000 mann i England, og ein reknar med at dei her møtte engelsk klosterliv og vart kjent med det. Klosteret vart anlagt på eigedommen til Dag Eilivsson, Gimsøy. Namnet kjem truleg av at området tidlegare hadde vore nytta som beitemark for geiter. Klosteret var bygd i stein, og det vert rekna med at bygginga hovudsakleg vart utført av engelske fagarbeidarar, og at dei første nonnene truleg òg var frå England.

Klosteret var eit av dei første nonneklostera i Noreg. Det er på omtrent same alder som Nonneseter kloster i Oslo og Bakke kloster i Trondheim. Dag Eilivsson si dotter Baugeid vart seinare abbedisse i klosteret. Det vert hevda at ho skal ha vore den første abbedissa, men det er det ikkje belegg for i det magre kjeldematerialet frå denne tida.

Den sentrale plasseringa til klosteret i høve til den tidas ferd- og handelsvegar, gjorde at klosteret etterkvart opparbeidde seg store verdiar. Til klosteret høyrde store jordeigedomar både i Telemark og andre stader. Dette eigedomskomplekset synest å ha vakse gradvis gjennom hundreåra. Det er ikkje nærare kartlagt kor mye av dette som var resultat av kjøp og økonomisk verksemd, eller var arv, til dømes frå personar som søkte opphald i klosteret eller etterlét seg eigedomar og andre verdiar til klosteret av religiøse årsaker.

Avvikling av klosterfunksjonen[endre | endre wikiteksten]

Klostret var i verksemd i over 400 år. Avviklinga av klosterlivet på Gimsøy gjekk gradvis føre seg på 1500-talet. Christian II gjorde klosteret med dei store eigedomane til ei form for verdsleg len i 1532, men nonnene vart buande på Klosterøya fram til 1540. Eigedomane vart deretter fletta saman med anna nærliggande krongods til Bratsberg len med lensmenn innsett av den dansk-norske kongemakta. Kongen overlét eigedomane til menn som hadde gjort seg fortent av krona, mot ei årleg avgift. Kyrkjefolket protesterte forgjevast.

Gimsøydaleren frå 1544 med kongebyste og den norske løve.

Gimsøy kloster vart valt som krona sitt (dvs. statsmakta sitt) administrasjonssenter for bergverksdrift, då det vart oppdaga sølvhaldig kopar i øvre Telemark og jernmalm i Gjerpen, på første halvdel av 1500-talet. Planen var å gjera Gimsøy til ein stor «bergstad», og på ordren til kongen måtte dei siste nonnene forlata klosterbygningane i 1540. Bergstaden vart rett nok ikkje oppretta, men leiaren av bergdrifta i Telemark flytta inn på Klosterauga. Då vart òg malm frakta dit og foredla der, mellom anna til ei kort tid med myntproduksjon. Den berømte gimsøydaleren vart pryda med den norske løva. Ein stor brann i 1546 la likevel klosterbygningane i grus, mellom anna ei gammal kyrkje.

Seinare herregardsbusetnad og industribygging i området har gjort at alle spor etter klosterbygningane for lengst er borte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bergan, Halvor: Drøm og virkelighet bak klosterets murer : Gimsøy nonnekloster 1110-1540, Norgesforlaget 2002, ISBN 82-91986-50-9
  • J. L. Quisling: «KLOSTRET PAA GIMSØ», Gjerpen bygdebok, Gaardshistorie I, Kristiania 1921
  • Ivar Seierstad: Skiens historie, bind I fra 1184 til ca. 1814, Skien 1958.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]