Daman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daman
portugisisk Damão
by
Land  India
Region Daman og Diu
Distrikt Daman-distriktet
Folketal 44 282  (2011[1])
Kart
Daman
20°25′1″ N 72°50′3″ E
Wikimedia Commons: Daman, India

Daman er hovudstaden i det indiske unionsterritoriet Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu, og administrasjonsby for Daman-distriktet. Folketalet i byen var 44 282 ved folketeljinga i 2011.[1]

Båthamn ved Damanganga i Daman.

Byen ligg ved kysten ved munningen av Damanganga-elva. Elva delar byen i to, Nani-daman ('vesle Daman') og Moti-daman ('store Daman'). Ironisk nok er Nani-daman den største delen med store bustadområde, supermarknader og sjukehus. Moti-daman utgjer gamlebyen.

Den portugisiske festningen i Daman.
Daman is located in India
Daman i India

Historie[endre | endre wikiteksten]

Portuguisiske utforskarar leia av Diogo de Melo kom tilfeldigvis til området i 1523, etter at ein storm hadde blese dei av kurs medan dei sigla mot Ormuz.[2] Staden blei folkesett som ein portugisisk koloni, og blei verande slik i over 400 år. På 1500-talet blei det reist ein større festning i Motidaman til vern mot Mogulriket. Mykje av festninga står framleis, og huser mykje av dei lokale styresmaktene.

I 1961 blei Daman teke med i India saman med dei andre portugisiske områda etter eit slag mellom indiske og portugisiske styrkar. Under kampane blei 4 indarar og 10 portugisarar drepne.[3][4] Daman blei ikkje del av den nye delstaten Goa, men danna eit nytt forbundsterritorium med kringliggjande landsbyar og Diu.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Daman er eit populært turistmål, mellom anna fordi området tillèt sal av alkohol medan nabostaten Gujarat er tørrlagd. Dei fleste besøkande kjem frå område i nærleiken som Vapi, Bhilad, Valsad, Surat og Baroda. Staden har to kjende strender, Devka i Nani-daman og Jampore i Moti-daman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Office of The Registrar General & Census Commissioner, India; Census Digital Library, Table Series/Tabulations Plan of Census Year – 2011/Primary Census Abstract/Urban Agglomeration Henta 17. juli 2014.
  2. Singh, Kumar Suresh (1995). Daman and Diu. People of India XIX. Popular Prakashan. s. 3. Henta 18. desember 2010. 
  3. Anil Shorey (21 February 1999). «The Forgotten Battles of Daman and Diu». The Tribune. Henta 18 December 2010. 
  4. Chakravorty, Dr. B.C. (2008). «Operation Vijay» Arkivert 2014-03-31 ved Wayback Machine.. Bharat Rakshak. Henta 18.12.2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]