Daman
Daman | |||
portugisisk Damão | |||
by | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Region | Daman og Diu | ||
Distrikt | Daman-distriktet | ||
Folketal | 44 282 (2011[1]) | ||
Daman 20°25′01″N 72°50′02″E / 20.416938888889°N 72.834022222222°E | |||
Wikimedia Commons: Daman, India |
Daman er hovudstaden i det indiske unionsterritoriet Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu, og administrasjonsby for Daman-distriktet. Folketalet i byen var 44 282 ved folketeljinga i 2011.[1]
Byen ligg ved kysten ved munningen av Damanganga-elva. Elva delar byen i to, Nani-daman ('vesle Daman') og Moti-daman ('store Daman'). Ironisk nok er Nani-daman den største delen med store bustadområde, supermarknader og sjukehus. Moti-daman utgjer gamlebyen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Portuguisiske utforskarar leia av Diogo de Melo kom tilfeldigvis til området i 1523, etter at ein storm hadde blese dei av kurs medan dei sigla mot Ormuz.[2] Staden blei folkesett som ein portugisisk koloni, og blei verande slik i over 400 år. På 1500-talet blei det reist ein større festning i Motidaman til vern mot Mogulriket. Mykje av festninga står framleis, og huser mykje av dei lokale styresmaktene.
I 1961 blei Daman teke med i India saman med dei andre portugisiske områda etter eit slag mellom indiske og portugisiske styrkar. Under kampane blei 4 indarar og 10 portugisarar drepne.[3][4] Daman blei ikkje del av den nye delstaten Goa, men danna eit nytt forbundsterritorium med kringliggjande landsbyar og Diu.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Daman er eit populært turistmål, mellom anna fordi området tillèt sal av alkohol medan nabostaten Gujarat er tørrlagd. Dei fleste besøkande kjem frå område i nærleiken som Vapi, Bhilad, Valsad, Surat og Baroda. Staden har to kjende strender, Devka i Nani-daman og Jampore i Moti-daman.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Office of The Registrar General & Census Commissioner, India; Census Digital Library, Table Series/Tabulations Plan of Census Year – 2011/Primary Census Abstract/Urban Agglomeration Henta 17. juli 2014.
- ↑ Singh, Kumar Suresh (1995). Daman and Diu. People of India XIX. Popular Prakashan. s. 3. Henta 18. desember 2010.
- ↑ Anil Shorey (21 February 1999). «The Forgotten Battles of Daman and Diu». The Tribune. Henta 18 December 2010.
- ↑ Chakravorty, Dr. B.C. (2008). «Operation Vijay» Arkivert 2014-03-31 ved Wayback Machine.. Bharat Rakshak. Henta 18.12.2010.
- Denne artikkelen bygger på «Daman» frå Wikipedia på svensk, og «Daman, Daman and Diu» frå Wikipedia på engelsk den 15. februar 2015.