Hopp til innhald

Dami Im

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dami Im

Fødd17. oktober 1988 (37 år)
FødestadSeoul
Fødenamn임다미, Im Dami
OpphavAustralia
Aktiv2010
Sjangerpop
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
PlateselskapSony Music Entertainment Australia
Verka somsongar

Dami Im (fødd 17. oktober 1988) er ein australsk songar og låtskrivar, opphavleg frå Sør-Korea. Familien flytta til Australia då Dami Im var ni år gammal. Im spelar fleire instrument og vart kjend i Australia etter å ha vunne den femte sesongen av The X Factor Australia. Ho representerte òg Australia i Eurovision Song Contest 2016 med songen «Sound of Silence». Im har platekontrakt med Sony Music Australia.

Im vart fødd i Seoul i 1988. Faren, Lee Hae-yun, er utdanna operasongar.[1] Im byrja å lære piano som femåring, og ho lærte seg å syngje ved å kopiere sine favorittartistar. Ni år gammal flytta Im til Australia med mora og den yngre broren Kenny, fordi foreldra meinte borna ville få større moglegheiter om dei vaks opp i Australia.[1][2][3] Familien budde hos ein onkel i Brisbane, medan faren vart igjen i Sør-Korea for å tena pengar til å støtta dei.[4] Foreldra til Im bur no saman att og bur delvis i Australia og Sør-Korea.

Som elleveåring starta Im ved Young Conservatorium of Music på Griffith University. Ho deltok sidan i ei rekkje pianotevlingar og song lite offentleg.[5][6] I 2009 vart ho uteksaminert frå University of Queensland.[7]

2010–12: Tidleg karriere

[endre | endre wikiteksten]

Im hadde ein kort karriere som gospelsongar i Korea, og opptredde blant anna på fleire kristne ungdomsleirar. I 2010 gav ho ut debutalbumet Dream. 9. juli 2012 gav Im ut den andre EP-en sin, Intimacy, som bestod av fem låtar.[8][9]

2013: X Factor Australia

[endre | endre wikiteksten]

I 2013 gjekk Im vidare frå prøverundane i femte sesong av X Factor Australia, etter å ha sunge «Hero» av Mariah Carey.[10] Ho tok seg vidare i tevlinga og tok seg til slutt heilt til dei direktesende finalerundane.

Fleire av framsyningane hennar fekk mykje ros av dommarane. Ho kom fleire gonger inn på ARIA Singles Charts, den offisielle singellista i Australia, blant anna med «One» av U2 og «Purple Rain» av Prince.[11][12]

Under finalen 27. oktober 2013 song Im tre songar: «Hero», «Alive» og «I Am Telling You I'm Not Going». Nok ein gong fekk ho ståande applaus og lovord frå dommarane. Under resultatshowet dagen etter vart Im utropt til vinnar av X Factor Australia.[13]

2013–15: Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vunne X Factor gav Im ut singelen «Alive» på iTunes Store.[14] Ho fekk òg platekontrakt med Sony Music Australia.[15] Fire dagar etter utgjevinga debuterte «Alive» på nummer éin på ARIA Singles Chart. Singelen vart òg platina-sertifisert av Australian Recording Industry Association for å ha selt over 70 000 eksemplar.[16][17] Sidan har Im gjeve ut ei rekkje plater og album.

2016: Eurovision Song Contest 

[endre | endre wikiteksten]

3. mars 2016 annonserte den australske kringkastaren SBS at Im skulle representere Australia i Eurovision Song Contest 2016 med songen «Sound of Silence». 

I Eurovision Song Contest 2016 deltok Im i den andre semifinalen 12. mai, og ho kvalifiserte seg til finalen etter å ha vunne semifinalen.[18] Dette var andre gongen Australia deltok i Eurovision Song Contest, og fyrste gongen landet deltok i ein semifinale.

I finalen var «Sound of Silence» det 13. bidraget ut på scena, og ho vann ein klår siger i juryavrøysting med 320 poeng. I telefonavrøystinga kom Im på fjerdeplass med 191 poeng. Til saman fekk Australia 511 poeng og enda på andreplass – den beste plasseringa til landet i Eurovision Song Contest.[19] Songen tok seg inn på fleire hitlister rundt om i Europa, blant anna i Storbritannia, Spania, Tyskland og Austerrike. «Sound of Silence» er førebels den mest suksessrike singelen til Im i karrieren hennar.

2019–2025

[endre | endre wikiteksten]

13. september 2019 gav Im ut albumet Crying Underwater på eige merke. I samband med utgjevinga sa Im at det er «for mykje press i dagens samfunn på at ein alltid må sjå lukkeleg ut, så vi endar opp med å føle at vi ikkje har lov til å snakke om korleis vi verkeleg følar oss. Akkurat som om du græt under vatn der ingen kan sjå at du græt».[20]

3. januar 2020 slapp ho låten «Kiss You Anyway».[21]

I oktober 2019 opptredde Im i Korea ved Asia Song Festival i lag med kjende K-pop-artistar som Sunmi, Eric Nam, Stray Kids og Itzy.

8. februar 2020 framførte ho låten «Walk with Me» med Måns Zelmerlöw under Eurovision – Australia Decides, den australske uttakinga til Eurovision Song Contest 2020.[22] Etter framsyninga kunngjorde Im at ho ville delta i den australske tevlinga igjen, men denne blei avlyst grunna koronapandemien.

31. august 2020 kunngjorde Im at ho hadde skrive kontrakt med ABC Music og at ho ville gje ut eit nytt album.[23] 17. september slapp ho «Paper Dragon», den fyrste singelen på det nye selskapet. Songen var opphavleg meint å ta del i Australia Decides 2021, som blei avlyst.[24] Ho gav ut det sjette studioalbumet sitt, My Reality, 29. oktober 2021.[25][26]

I 2022 gav Im ut eit memoar, Dreamer.[27][28][29][30]

Ho slapp EP-en In Between 7. juli 2023.[31]

17. november 2023 gav ho ut det fyrste julealbumet sitt, Christmas Songbook.[32] I juli 2024 gav Im ut eit album med barnemusikk, Kid Song Collection, under aliaset Grace Notes.[33]

I september 2025 gav Im ut singelen «Bubble» i forkant av utgjevinga av det sjuande studioalbumet sitt.[34]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Album
  • Dami Im (2013)
  • Heart Beats (2014)
  • Classic Carpenters (2016)
  • I Hear a Song (2018)
  • My Reality (2021)
  1. 1 2 «Dami Im: Finding my family (Part one)». Arkivert frå originalen 29. mars 2016. Henta 4. mai 2021.
  2. «Finalists – Dami Im». The X Factor Australia. Yahoo!7. Arkivert frå originalen 3. oktober 2013.
  3. Sams, Christine (29. august 2013). «'Some people thought I was stupid': X Factor star Dami recalls terrible childhood». The Age. Arkivert frå originalen 28. oktober 2013.
  4. Vincent, Peter (29. september 2013). «X-Factor's Dami Im set to be first Asian-Australian pop star». Fairfax Media.
  5. Bochenski, Natalie (3. september 2013). «X-Factor's Dami Im Gains Support From Former School». Brisbane Times (Fairfax Digital).
  6. Bochenski, Natalie (23. oktober 2013). «Dami Im returns to former school John Paul College». SMH.com (Fairfax Media).
  7. Adams, Cameron (21. august 2013). «X Factor reveals final Top 12 to perform at live shows». Daily Telegraph Australia (News Limited).
  8. Bochenski, Natalie (9. september 2013). «Holy spirit behind Dami Im's angelic voice». Brisbane Times (Fairfax Digital).
  9. «Intimacy (친밀함) / Dami Im(임다미)» (på koreansk).
  10. «The X Factor Australia Premiere Recap - Is Jai Waetford The Next Justin Bieber?». Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. Henta 4. mai 2021.
  11. Hardie, Giles (26. august 2013). «The X Factor recap: Adira–Belle the first finalists sent home». SHM.com.au (Fairfax Media).
  12. Gavin Ryan (28. september 2013). «ARIA Singles: Katy Perry Roar Spends 5th Week At No 1». Noise11.com.
  13. Byrnes, Holly (28. oktober 2013). «X Factor Australia Grand Final: Dami Im completes demolition with army». The Herald and Weekly Times. Arkivert frå originalen 28. oktober 2013. Henta 4. mai 2021.
  14. «Alive – Single by Dami Im». iTunes Store (Australia). Apple. Arkivert frå originalen 9. november 2013. Henta 28. oktober 2013.
  15. «Dami Im Wins The X Factor!». The X Factor Australia. Yahoo!7. 28 October 2013. Arkivert frå originalen 31 October 2013. Henta 29 October 2013.
  16. Vincent, Peter (23. november 2013). «Dami Im makes X-Factor ARIA Charts history». The Sydney Morning Herald. Henta 23. november 2013.
  17. «ARIA Charts – Accreditations – 2013 Albums». Australian Recording Industry Association. Arkivert frå originalen 5. februar 2014. Henta 5. februar 2014.
  18. «Eurovision Song Contest 2016 - Second Semifinal».
  19. «Eurovision Song Contest 2016 - Grand Final».
  20. «Dami Im Is Crying Underwater». auspOp. 30. august 2019. Arkivert frå originalen 15. oktober 2020. Henta 13. september 2019.
  21. «Kiss You Anyway - single». Apple Music. 3. januar 2020. Arkivert frå originalen 2. januar 2020. Henta 3. januar 2020.
  22. «Eurovision: Australia Decides 2020: guide». TV Tonight. februar 2020. Henta 7. februar 2020.
  23. «Dami Im Signs With ABC Music, New Album Coming Soon». Billboard (på engelsk). Henta 16. januar 2021.
  24. «🇦🇺 Dami Im unsure on participation in Eurovision: Australia Decides 2022». ESCXTRA.com. 15. januar 2021. Henta 16. januar 2021.
  25. «Dami Im releases new single 'Pray' and announces sixth studio album 'My Reality'». Women In Pop (på engelsk). 10. oktober 2021. Henta 18. august 2023.
  26. MY REALITY by Dami Im (på engelsk), 29. oktober 2021, henta 18. august 2023
  27. Brereton, Greta (8. juli 2022). «Dami Im set to release first memoir 'Dreamer' later this year». NME (på engelsk). Henta 4. januar 2023.
  28. «Dami Im to Release Book 'Dreamer' in November». The Music Network. 7. juli 2022. Henta 4. januar 2023.
  29. Tsinivits, Kyriakos (8. november 2022). «Dami Im releases her first book 'Dreamer'». aussievision (på engelsk). Henta 4. januar 2023.
  30. «Dreamer by Dami Im - Books». www.hachette.com.au. Henta 4. januar 2023.
  31. «Dami Im announces new EP 'In Between' and releases title track». Women in Pop. Mai 2023. Henta 21. mai 2023.
  32. «News: Dami Im Unveils Her First ever Christmas Album». Hear 2 Zen. Oktober 2023. Henta 17. oktober 2023.
  33. «Grace Notes». AM RAP. 2024. Henta 1. august 2025.
  34. «Eurovision star Dami Im releases new song Bubble and announces tour». AussieVision. 19. september 2025. Henta 20. september 2025.