Dan Dugmore
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dan Dugmore | |
![]() Dugmore i 2005 | |
Fødd | 1949 (73 år) |
---|---|
Opphav | Pasadena i California[1] |
Aktiv | 1970-åra til i dag |
Sjanger | Country, countryrock |
Instrument | Pedalsteelgitar, lap steelgitar, Dobro, elektrisk gitar, akustisk gitar, banjo, mandolin |
Tilknytte artistar | Sneaky Pete Kleinow, Linda Ronstadt, James Taylor |
Verka som | Studiomusikar |
Daniel «Dan» Dugmore (f. 1949) er ein USA-amerikansk studiomusikar hovudsakleg kjend for å spele steelgitar.
Dugmore voks opp i Pasadena i California. Han var inspirert av Flying Burrito Brothers og lærte å spele steelgitar etter at Flying Burrito Brothers-medlemmet Sneaky Pete Kleinow selte han ein. Dugmore vart så med i turnébandet John Stewart og så Linda Ronstadt. Han spelte òg på fleire James Taylor-album.[2] I 1990-åra flytta han til Nashville i Tennessee, der han byrja å spele steelgitar på countryalbum. Han gav ut eit album med coverversjonar av Beatles-songar i 2003 kalla Off White Album.[3]
Dugmore spelar òg Dobro, elektrisk gitar, akustisk gitar, banjo og mandolin.[4]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Dan Dugmore» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: