Danskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Syclistar i Nørrebrogade i København på 1940-talet

Danskar er folk frå Danmark.[1] I ulike samanhengar kan nemninga snevrast inn meir presist på ulike måtar: som innbyggjarane i Danmark, som danske statsborgarar eller meir breitt som personar som kjenner ei tilhøyrsle til dansk kultur. Ein meir omdiskutert nyare bruk av ordet er å bruka det for å berre visa til personar av dansk etnisk opphav, dvs. om personar med foreldre fødde i Danmark som danske statsborgarar.[2][3]

Størstedelen av danskane bur i Danmark, men der finst òg eit dansk mindretal i Sør-Slesvig nord i Tyskland. I tillegg finst det store grupper folk som har dansk bakgrunn og i ulik grad kjenner seg som danskar fordi forfedrane deira utvandra frå Danmark, særleg i land som USA og Argentina.[4][5][6]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet «danskar» kjem frå danane, som var ein historisk nordgermansk stamme som budde i det som i dag er den sørlege delen av Sverige (Skåne) og dei danske øyane. Danane blir m.a. nemnde av dei bysantinske historikarane Jordanes og Procopius, som omtaler eit folk kalla dani. Jordanes meiner at «dani» var same folk som sveane, og at dei hadde fordrive det opphavlege folket, herulane. På norrønt blei folket i genitiv fleirtal kalla danir, som kan bety noko i lei av 'fladlandsbuar'. «Danar» er truleg ei avleiing av det indoeuropeiske *dhen-, som betyr 'flate, flatt brett'.[7]

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Fotballspelaren Nadia Nadim blei i 2017 kåret til "årets danske" av Berlingske-lesarar.

Det finst fleire måtar å definera kva ein danske er, og tydinga har òg endra seg over tid. I dag kan omgrepet ha ei inkluderande og ei ekskluderande tyding.[8] Ordet «danskar» kan definerast som:

  1. Innbyggjarar i Danmark, dvs. alle med fast lovleg bustad i Danmark. Ved byrjinga av 2020 var det 5 822 763 innbyggjarar i Danmark.[9]
  2. Danske statsborgarar (òg kalla personer med dansk indfødsret). Ved byrjinga av 2020 budde det 5 285 641 danske statsborgarar i Danmark.[9] Der finst ikkje offisiell statistikk over kor mange danske statsborgarar som bur i utlandet. Økonomi- og Indenrigsministeriet har anslått at talet er på omlag 135 000 personar.[10]
  3. Meir uoffisielt kan ein oppfatta ein danske som ein person som har eit kulturelt (ikkje minst språkleg) tilhøyrsleforhold til Danmark og sjølv har ein identitet av å vera danske.[11] I dette samband siterer ein ofte N.F.S. Grundtvig:[11]
« Til et folk de alle høre, som sig regne selv dertil, har for modersmålet øre, har for fædrelandet ild. »

—N.F.S. Grundtvig, Folkeligheden, 1848.

Ein dansksinna sørslevigar, dvs. ein person frå det danske mindretalet i Sydslesvig, vil typisk bli oppfatta som ein danske etter den tredje definisjonen, men ikkje dei to første. Det omvende vil tilsvarande ofte vera tilfellet for ein hjemmetysker, dvs. ein person frå det tyske mindretalet i Sønderjylland.

Personar av dansk opphav[endre | endre wikiteksten]

Nemninga «danske» kan òg definerast som å omfatta 'personar med dansk opphav' (òg kalla «personar av dansk herkomst») som definert av Danmarks Statistikk. Denne oppdelinga byggjer på statsborgarskapet og fødestaden til ein person sine foreldre, i staden for dei til personen sjølv. Denne definisjonen er kontroversiell.[2][3] Språkbruken fekk særleg merksemd då Folketinget i februar 2017 med 55 stemmer mot 54 vedtok ei utsegn som sa at «Folketinget konstaterer med bekymring, at der i dag er områder i Danmark, hvor andelen af indvandrere og efterkommere fra ikkevestlige lande er over 50 pct. Det er Folketingets opfattelse, at danskere ikke bør være i mindretal i boligområder i Danmark[3][12]

Bakgrunnen var at Danmarks Statistikk sidan 1991 hadde delt befolkninga i tre opphavsgrupper, nemleg personar av dansk opphav, innvandrarar og etterkomarar av innvandrarar. Ein person med dansk opphav blir definert som «en person - uanset fødested - der har mindst én forælder, der både er dansk statsborger og født i Danmark».[13] Statsborgarskapet og fødestaden til personen sjølv er altså irrelevant for om han blir sett på som av dansk opphav. Oppdelinga blei vedteken som følgje av rapporten betænkning 1214-1991 med tittelen Bedre statistik om flyktninger og indvandrere,[14][15] og blir i dag brukt i ei rekke samanhengar til statistisk bruk av offentlege institusjonar som Danmarks Statistikk og Integrasjonsministeriet.[16] Danmarks Statistikk bruker ikkje sjølv nemninga «danskar» om gruppa med dansk opphav, men bruker normalt ordet «danskar» anten om danske statsborgarar eller om innbyggjarar i Danmark, avhengig av samanhengen.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste danskar snakkar dansk, som er eit nordisk språk frå den indoeuropeiske språkfamilien. Det er nært i slekt med svensk og norsk, som er umiddelbart forståelege språk for ein dansktalande, og litt fjernare i slekt med dei vestnordiske språka islandsk og færøysk.

Personar av dansk avstamming i andre land[endre | endre wikiteksten]

I mange land bur det folk som til ulike grader er bevisste om og til ulike høve markerer ei dansk avstamming. Dette kan vera personar i tradisjonelle utvandrarland som Nord- og Sør-Amerika, Australia og New Zealand, der utvandringa ofte fann stad for fleire generasjonar sidan, og personar som inntil nyleg har vore busette i Danmark og kanskje tenker på å venda tilbake til heimlandet etter utstasjonering eller liknande. Tabellen under viser ulike estimat på talet danskar i ei fleire land - tala er ikkje nødvendigvis samanliknbare.

Tal på personar av dansk avstamming
Land Tal
Flag of the United States.svg USA 1 430 897
Flag of Canada (Pantone).svg Canada 170 780
Flag of Brazil.svg Brasil 140 000
Flag of Australia.svg Australia 100 000
Flag of Germany.svg Tyskland 50.000[17]
Flag of Argentina.svg Argentina (12 900)* / 50 000[18][19]
Flag of Sweden.svg Sverige 42 602[20]
Flag of Norway.svg Noreg 20 586[21]
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 18 493[22]
Flag of Spain.svg Spania 8.944[23]
Flag of France.svg Frankrike 7 000[24]
Flag of Greenland.svg Grønland 6 500[25]
Flag of New Zealand.svg New Zealand 3 507[26]
Flag of Iceland.svg Island 2 802[27]
Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane 2 800
Flag of Finland.svg Finland 1 235[28]
Flag of Ireland.svg Irland 809[29]

* Estimat over talet på danske utvandrarar fram til 1930

Religion[endre | endre wikiteksten]

Størstedelen av dei religiøse danskane både i og utanfor Danmark er evangelisk-luthersk kristne. Det største trussamfunnet i Danmark er Folkekirken, som 74,3 % av den danske befolkninga i 2020 er medlemmer av.[30] Den nest største religionen er islam. Ein rekna med at 4,4 % av befolkninga i 2020 er muslimar.[31] Danmark blir likevel normal ikkje sett på som eit særleg religiøst land. Berre 17 % av danskane sa i ei meiningsmåling frå 2016 at religion spelte ei veldig viktig rolle i tilværet deira.[32] I 2017 rekna 48 % av danskane seg som ikkje-truande.[33]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Det danske Sprog- og Litteraturselskab: Den Danske Ordbog. Gyldendal, 2003.
  2. 2,0 2,1 «Brøndbys borgmester om dansker-udtalelse: "Her går grænsen!" Nyhed på tv2.dk 11. februar 2017.». Arkivert frå originalen 22. februar 2019. Henta 21. februar 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Folketinget i ny afgørelse: Du skal have vestlige forfædre for at være dansker. Artikel på kristeligt-dagblad.dk 10. februar 2017.». Arkivert frå originalen 22. februar 2019. Henta 21. februar 2019. 
  4. «Politiken, 1. november 2018 - Lotte Thorsen: "Ny forskning: Efterkommere af danske udvandrere taler imponerende godt dansk ude på pampaen"». Arkivert frå originalen 2. november 2018. Henta 21. februar 2019. 
  5. «TV 2, 25. december 2018: "I mere end 100 år har der boet danskere i kolonier i Argentina - TV 2 har været på besøg"». Arkivert frå originalen 28. december 2018. Henta 21. februar 2019. 
  6. «Danmark i Argentina, Udenrigsministeriet: Danske netværk i Argentina». Arkivert frå originalen 22. februar 2019. Henta 21. februar 2019. 
  7. Indo-European Lexicon, Pokorny Master PIE Etyma, side 249, Linguistics Research Center, College of Liberal Arts, The University of Texas at Austin, hentet fra Julius Pokorny: Indogermanisches etymologisches Wörterbuch, Bern: Francke, 1959, 1989. Arkivert 20. april 2016 ved Wayback Machine.
  8. Interview med professor i retorik ved Københavns Universitet, Christian Kock i P1 Orientering: Er "dansk statsborger" og "dansker" det samme?], 2008-06-08
  9. 9,0 9,1 «Statistikbanken, tabel FOLK2: Folketal 1. januar efter køn, alder, herkomst, oprindelsesland og statsborgerskab. Danmarks Statistik. Hentet 13. februar 2020.». Arkivert frå originalen 21. juli 2015. Henta 17. juli 2015. 
  10. «135.000 danskere udelukket fra at stemme. Danmarks Radios hjemmeside, 9. juni 2015. Hentet 17. juli 2015.». Arkivert frå originalen 21. juli 2015. Henta 17. juli 2015. 
  11. 11,0 11,1 Flemming Lundgreen-Nielsen: Grundtvig og danskhed. S. 9-187, bind 3 i Ole Feldbæk (red.): Dansk Identitetshistorie. C.A. Reitzels Forlag, København, 1992.
  12. «Venstre erkender klodset formulering om at være dansker. JydskeVestkystens hjemmeside, dateret 11. februar 2017.». Arkivert frå originalen 22. februar 2019. Henta 21. februar 2019. 
  13. «Danmarks Statistik: Kvalitetsdeklaration for statistik over indvandrere og efterkommere. Hentet 17. juli 2015.». Arkivert frå originalen 21. juli 2015. Henta 17. juli 2015. 
  14. «Det administrative bibliotek: Betænkning nr. 1214-1991». Arkivert frå originalen 16. marts 2012. Henta 7. september 2011. 
  15. Bedre statistik om flygtninge og indvandrere. Betænkning nr. 1214, marts 1991.
  16. «Begreber og definitioner i integrationsstatistikken». Arkivert frå originalen 2. oktober 2011. Henta 7. september 2011. 
  17. Die dänische Minderheit , Slesvig-Holstens landsregering. Arkivert 18. oktober 2018 ved Wayback Machine.
  18. «Nadia Hansen: En snert af dansk mellem pampa og urskov. Det danske i to danskerkolonier i Argentina (s. 6)» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 22. februar 2019. Henta 21. februar 2019. 
  19. Søren Flott: Rejsen Mod syd. Historien om de danske udvandrere til Argentina, Lindhardt og Ringhof, Riga, 2020. (s. 315)
  20. «Statistiska centralbyrån» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 24. september 2015. Henta 18. oktober 2007. 
  21. Tabell 32 Utanlandske statsborgarar, etter statsborgarskap, kjønn og alder. 1. januar 2009
  22. «BBC NEWS | UK | Born Abroad | Denmark». Arkivert frå originalen 19. oktober 2015. Henta 14. oktober 2012. 
  23. «Spanish National Statistics Institute» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 26. juli 2008. Henta 18. oktober 2007. 
  24. «6000-7000 danskere bor ved den franske Riviera - Frankrig». Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 4. juni 2014. 
  25. The CIA World Factbook reports that Greenland, in a July 2005 estimate, has 56,375 inhabitants. The share of Danes was in 2000 estimated to be just below 12%. Taking for granted that the two ethnic groups have developed equally from 2000 to 2005, this adds up to an estimate just below 6765 Danish people in July 2005. Arkivert 9. maj 2020 ved Wayback Machine.
  26. «Statistics New Zealand». Arkivert frå originalen 24. mars 2009. Henta 18. oktober 2007. 
  27. «Population by country of birth 1981-2006 by country and year: Denmark, 2006». Statistics Iceland (English version). 31. december 2006. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 21. juli 2007. 
  28. «United Nations Population Division | Department of Economic and Social Affairs». un.org. Arkivert frå originalen 20. maj 2019. Henta 29. juni 2018. 
  29. «CSO Ireland – 2006 Census». Arkivert frå originalen 12. august 2011. Henta 18. oktober 2007. 
  30. «Folkekirkens medlemstal Folkekirkens medlemstal. Fra Kirkeministeriets hjemmeside. Besøgt 13. juni 2020.». Arkivert frå originalen 13. april 2016. Henta 13. juni 2020. 
  31. «Hvor mange muslimer er der i Danmark? Artikel på Mandag Morgens hjemmeside 24. april 2020.». Arkivert frå originalen 8. maj 2019. Henta 13. juni 2020. 
  32. «Flertal af danskerne: Religion er ikke meget vigtig i mit liv. Nyhed på dr.dk, dateret 8. november 2016.». Arkivert frå originalen 28. februar 2018. Henta 21. februar 2019. 
  33. «Danskerne dropper religion - antallet af ikke-troende i stærk vækst. Nyhed på tv2.dk, dateret 31. oktober 2017.». Arkivert frå originalen 5. januar 2018. Henta 21. februar 2019.