Daniel Fichelscher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Daniel Fichelscher
Fødd7. mars 1953
FødestadBerlin i Tyskland
FødenamnDaniel Secundus Fichelscher
OpphavTyskland
InstrumentGitarar, trommer, perkusjon
Tilknytte artistarPopol Vuh, Amon Düül II, Gila
PlateselskapLiberty, Pilz, Kosmische Musik, UA, PDU, Milan, Spalax, OHR, Brain Records
Verka somtrommeslagar

Daniel «Danny» Secundus Fichelscher (fødd 7. mars 1953) er ein tysk multi-instrumentalist som spelte ei viktig rolle i krautrockbandet Popol Vuh, som medlem av den tyske gruppa Gila og som trommeslagar i Amon Düül II. Fichelscher er son av jazzpianisten og songaren Toby Fichelscher.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Daniel Fichelscher var gjennom det meste av historia deira, den faste partnaren til Florian Fricke i Popol Vuh. Han var ikkje med frå starten av og kom inn i gruppa først i 1973 (tre år etter gruppa vart danna) for innspelinga av Seligpreisung og han erstatta då gitaristen Conrad «Conny» Veit året etter i 1974. Medan han var i Popol Vuh, spelte han òg stundom trommer og congatrommer med krautrockbandet Amon Düül II, som på albuma Carnival in Babylon (1972), Wolf City (1972; der han òg syng og spelar gitar) og Vortex (1981).[1] I lag med Fricke spelte han i Conny Veit si gruppe (Gila) på det andre albumet Bury My Heart in Wounded Knee.[1]

Fichelscher si rolle i Popol Vuh vart mindre viktig kring 1991 då Guido Hieronymus, òg vart henta inn til å spele gitar og som fekk stor innverknad på musikken til gruppa. Fichelscher vart likevel verande i gruppa fram til ho vart oppløyst då Fricke døydde i 2001. Sidan 2006 har Fichelscher igjen spelt trommer med Amon Düül II, og erstatta den opphavlege trommeslagaren deira, Peter Leopold.[2]

Diskografi med Popol Vuh[endre | endre wikiteksten]

Diskografi med Amon Düül II[endre | endre wikiteksten]

Diskografi med Utopia[endre | endre wikiteksten]

  • Utopia (gjeve ut på ny som Amon Düül II) (1973)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Daniel Fichelscher - Biography, Popol Vuh.nl henta 8. mars 2013
  2. Amon Duul II official site - "History" henta 8. mars 2013