Florian Fricke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Florian Fricke
Fødd23. februar 1944
FødestadLindau am Bodensee i Tyskland
Død29. desember 2001 (57 år)
DødsstadMünchen
InstrumentPiano, synthesizer
Tilknytte artistarPopol Vuh, Gila, Tangerine Dream
PlateselskapLiberty, Pilz, Kosmische Musik, UA, PDU, Milan, Spalax, OHR, Brain Records
Verka somkomponist, pianist, filmregissør, filmmanuskriptforfatter, musikar

Florian Fricke (23. februar 194429. desember 2001) var ein tysk musikar som starta den profesjonelle karrieren sin med elektronisk musikk på ein Moog synthesizer i krautrockgruppa Popol Vuh. Musikken hans og musikken til bandet utvikla seg derimot i heilt andre retningar etter kvart og han gjekk nesten heilt bort frå synthesizerar til fordel for akustisk piano.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fricke starta å spele piano som barn.[1] Han studerte piano, komposisjon og dirigering ved musikkonservatoria i Freiburg og München.[1] Det var i München at han 18 år gammal byrja å opne seg mot nye musikkformer som frijazz.[1] Han filma òg nokre amatørfilmar. Han vart seinare film- og musikkritikar for det tyske magasinet Der Spiegel og den sveitsiske avisa Neue Zürcher Zeitung. Det var òg i München at han møtte Gerhard Augustin som i mange år vart produsenten hans.[1]

I 1967 møtte han den tyske filmregissøren Werner Herzog og spelte ei rolle i den første filmen hans Lebenszeichen (1968). Fricke laga seinare musikk til fleire av filmane til Herzog, mellom anna Nosferatu: Phantom der Nacht (med Klaus Kinski og Bruno Ganz), Aguirre, the Wrath of God og Heart of Glass.[2] Fricke dukka òg opp i filmen Jeder für sich und Gott gegen alle (1974).

Fricke var ein av dei første musikarane som eigde og brukte ein Moog III synthesizer, som han nytta på dei to første albuma til Popol Vuh, Affenstunde og In den Gärten Pharaos. Innspelingane hans med instrumentet etterlet uutsletteleg merke på tysk elektronisk musikk.[1] Seinare gav han derimot bort Moog-instrumentet sitt til den tyske musikaren Klaus Schulze og slutta med elektronisk musikk.

I 1970 starta han i lag med Holger Truelsch og Frank Fiedler gruppa Popol Vuh.[1] Namnet er henta frå eit maya-manuskript (sjå Popol Vuh).[1] Fricke leia gruppa fram ti han døydde, nesten alltid i lag med gitaristen og trommeslagaren Daniel Fichelscher.

Utan om arbeidet med sin eigen musikk, samarbeidde Fricke med mange andre tyske musikarar. I 1972 spelte han på Tangerine Dream sitt dobbeltalbum Zeit og samarbeidd med Renate Knaup frå Amon Düül II. I lag med Fichelscher var han frå 1973 til 1974 medelm av tidlegare Popol Vuh-gitarist Connie Veit sitt beit, Gila. I 1992 spelte han inn eit album med Mozart-komposisjonar.[1] I 1998 organiserte han lyd- og videoinstallasjonar, mellom desse Messa di Orfeo i den italienske byen Molfetta.[1] I 1970-åra og frametter engasjerte Fricke seg òg i musikkterapi. Han utvikla òg sin eigen terapiform kalla «Alfabetet til kroppen».[3]

I lag med tidlegare Popol Vuh-medlem Frank Fiedler, som var ein kompetent kameramann, produserte Fricke fleire filmar om andeleg inspirasjon, frå Sinaiørkenen, Israel, Libanon, Mesopotamia, Marokko, Afghanistan, Tibet og Nepal.[1][4]

Fricke døydde av hjerneslag i München i 2001, 57 år gammal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum
  • Die Erde und ich sind Eins - privat trykt, avgrensa opplag
  • Florian Fricke Plays Mozart (1992) - med Fricke på piano

For albuma hans med Popol Vuh, sjå Popol Vuh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 «Popol Vuh Biographie» (på tysk). MusikBase. Henta 8. mars 2013. 
  2. Music for Films by Werner Herzog from popolvuh.nl Henta 8. mars 2013
  3. Das Alphabet des Körpers Arkivert 2013-10-19 ved Wayback Machine., interview with Fricke in popolvuh.nl henta 8. mars 2013 (tysk)
  4. Florian Fricke's Filmography from popolvuh.nl, henta 8. mars 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]