Daniel Isaachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Daniel Isaachsen
Fødd23. juni 1859
Død29. mars 1940
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar
Alma materSjøkrigsskulen
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Daniel Isaachsen (fødd 23. juni 1859 i London, død 1940) var ein norsk fysikar.

Frå 1883 til 1885 var han assistent Det internasjonale byrået for vekt og mål i Sèvres, der han under Ole Jacob Broch deltok i dei grunnleggande målingane av prototypane i det metriske systemet. Han studerte i 1886 og 1887 i Berlin og var så igjen ved meterbyrået til 1889, då han vart universitetsstipendiat. I 1891 vart han overlærar ved Den tekniske skulen i Trondheim, i 1893 dosent ved sjøkrigsskulen. Frå 1914 til 1928 var han justerdirektør. I 1914 vart han òg medlem av Den internasjonale meterkommisjonen og vart sekretær i komiteen frå 1927.

Saman med Gabriel Gabrielsen Holtsmark gav han ut Fysikk for gymnasiet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Elektriciteten: en populær fremstilling (Kristiania: De tusen hjems forl., 1897) nb.no
  • Lærebog i plan trigonometri for gymnasier og tekniske skoler (Kristiania: Bigler, 1897) nb.no
  • Lærebog i fysik: for realgymnasiet og tekniske skoler (Kristiania: Det norske aktieforl., 1903) nb.no. Fleire utgåver.
  • Lærebog i sfærisk trigonometri: udgivet til brug ved den norske sjøkrigsskole (Kristiania: Grøndahl, 1906) nb.no
  • Et par kalendariske nomogrammer (Kristiania: I kommission hos Jacob Dybwad, 1923)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]