Darfield på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Darfield
Den katolske kyrkja i Darfield
Den katolske kyrkja i Darfield
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Canterbury
Selwyn
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

1 485
Koordinatar 43°29′″S 172°07′″EKoordinatar: 43°29′″S 172°07′″E
Plassering
Darfield på New Zealand is located in New Zealand

Darfield er ein by i Selwyn DistrictSørøyapå New Zealand. Han ligg 45 km vest frå bygrensa til Christchurch, ved State Highway 73 (The great Alpine highway) og jarnvegslinja Midland railway line, der den kjende togruta TranzAlpine går. Ved folketeljinga i 2006 hadde byen eit folketal på 1 485.

Darfield er den viktigaste byen mellom Christchurch og West Coast. Han vert ofte kalla «Byen under Nor'west arch», dette viser til eit karakteristisk vêrfenomen som ofte dannar ein boge av skyer vest for byen, på ein elles klår himmel. Skyene vert danna gjennom kondensering av vasspartiklar som vert løfta opp over Søralpane. Darfield ligg i dei grøderike jordbruks- og beiteområda i Malverndistriktet. Byen er innfallsport til dei kjende elvene Waimakariri- og Rakaiaelva og Søralpane, og er også einpopulær oppstigingsstad for varmluftsballongar. Darfield har ei lokal vekeavis, Malvern News, som kan lesast på nettet.[1]

Jordskjelvet 4.september 2010[endre | endre wikiteksten]

Klokka 04:35 lokal tid laurdag 4. september 2010 vart byen råka av eit jordskjelv med styrke 7,1 på Richters skala og med episenter i nærleiken. Skjelvet førte til store skadar både i byen og områda omkring, heilt ut til Christchurch.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]