Selwyn District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selwyn District
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Canterbury
Areal 6 420 38 km²
Folketal 38 600 Førebels estimat juni 2 009[1]
Wikimedia Commons: Selwyn District
Nettstad: http://www.selwyn.govt.nz

Selwyn District er eit for det meste ruralt område sentralt i regionen Canterbury, på austkysten til SørøyaNew Zealand. Det har fått namn etter elva Selwyn River/Waikirikiri, som i sin tur vart namngjeven etter Bishop Selwyn, ein av dei tidlege utforskarane av området.

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

Selwyn District ligg i Canterbury, så Canterbury Regional Council har ansvaret for regionplanlegging, vatn, luft, utslepp og oppsyn og vedlikehald av elvebreidder.

Selwyn District vert styrt av distriktsstyret etter delegasjon frå regjeringa på New Zealand, og utfører pliktene sine i samsvar med lover som til dømes Local Government Act 2002 (Lokalstyrelova av 2002), og Resource Management Act 1991 (Lov om ressurshandsaming av 1991).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Selwyn District ligg i den sentrale delen av Canterbury, og likeeins sentralt på Sørøya. Distriktet grensar i nord til Canterbury Plains og Waimakaririelva, og opp mot høglandet til Hurunui District. Mot aust grensar distriktet til (frå nord til sør) byen Christchurch, Bankshalvøya, og Sørstillehavet. Rakaiaelva dannar grensa mot sør til Ashburton District. Vestgrensa går langsetter toppane i Søralpane.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Selwyn District består av to distinkte landskapsformer, sletter og høgland. Slettene, der dei fleste av innbyggjarane bur og storparten av næringsverksemdene ligg, er ei vid, lågtliggjande flate med heller tørr grasmark. Landskapet heilt mot søraust er dominert av innsjøen Lake Ellesmere/Te Waihora, ei vid vassflate omgjeven av sumpland, danna av utløpet til Selwyn River/Waikirikiri. Tilførslene til Selwyn River omfattar Waianiwaniwa River, Hororata River og Hawkins River.

Høglandet er spreidd busett, og består for det meste av åsar og fjellkjeder, brotne opp av tronge elvedalar. Det meste av høglandet er grasgangar eller grastuer, elles står det att einskilde område med bøkeskog i Craigieburn Forest Park og i Arthur's Pass National Park.

Populasjon[endre | endre wikiteksten]

Det totale innbyggjartalet i Selwyn District var 38 600 i eit estimat frå 30. juni 2009.[1] Om lag halvparten av innbyggjarane bur i ulike byar og tettstader i distriktet, resten på gardar. 95 % av innbyggjarane er busette på slettene. Dei største byane er Darfield, Leeston, Lincoln og Rolleston. Byane Springfield og Sheffield ligg ved State Highway 73, der høgdedraga reiser seg frå Canterbury Plains.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Slettene har eit temperert klima kjenneteikna av varme og turre sumrar og kjølige vintrar. Dei ligg i ly av fjellkjeda Søralpane i vest, og dette fører til i relativ lita nedbørsmengde, og også til fønvind «Canterbury Nor'Wester». Denne sterke, varme og turre vinden er mest vanleg om våren og sumaren, og når stundom ein styrke som medfører skadar. I fjellet i Søralpane er vêret mykje kjøligare og våtare.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Mykje av økonomien i distriktet er basert på jordbruk. Det meste er beitedrift; storfe og sauer i dei tørrare områda, mjølkeproduksjon og hjorteoppdrett i dei våtare. Ein del hesteavl er her òg. Her er også ein god del dyrking av korn. Kveite og bygg vert dyrka på slettene, saman med mindre mengder druer og anna frukt, grønsaker , sopp og blomar.

Tenesteytinga i dei mindre byane rettar seg først og fremst mot lokalsamfunna. Det største unntaket må vera byen Lincoln, som hyser eit universitet nokre forskingsinstitutt (Crown Research Institutes) og andre organisasjonar som arbeider med vitskapleg forsking.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første innbyggjarane i dette området var māoriar. Den mest talrike maori-iwien i dag er, som på resten av Sørøya, Ngai Tahu, som har ein marae (møtestad) nær utløpet av Lake Ellesmere.

Sist på 1800-talet kom europeiske, mest britiske innvandrarar hit, og delte opp området til jordbruk. Dette har vore det dominerande mønsteret heile tida sidan.

Selwyn District som ei administrativ eining vart danna i 1989 etter ei lovpålagt samanslåing av Malvern County og Ellesmere County, saman med ein del av Paparua County.

Sidan den tid har distriktet hatt eit stabilt og framgangsrikt tilvære. I dei seinare åra har folketilveksten lege over det nasjonale gjennomsnittet, og ein meiner dette kjem av at folk flytter ut frå Christchurch og buset seg i satellittbyar som Rolleston eller Lincoln, eller på mindre gardsbruk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]