Das Wohltemperierte Klavier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Das Wohltemperirte Klavier eller Das Wohltemperierte Clavier, er ei samling solostykke for klaverinstrument komponert av Johann Sebastian Bach. Han gav opphavleg denne tittelen til ei bok med preludium og fuger i alle dei 24 ulike toneartane (12 dur- og 12 molltoneartar). Boka kom ut 1722, og skulle eigentleg nyttast for musikalsk ungdom som ønskte opplæring, særleg dei som alt var på eit visst nivå. Bach utarbeidde seinare ei anna bok med liknande innhald, som kom ut i 1744 og som berre heitte 24 preludium og fuger. Begge verka vert rekna for å utgjere «Det veltemperererte klaveret», og vert kalla Bok I og Bok II.

Den første boka kom då Bach arbeidde i Köthen; den andre følgde 22 år seinare då han var i Leipzig. Begge sirkulerte lenge i handskriven form. Trykte eksemplar kom ikkje ut før i 1801, og då nesten samtidig av tre ulike forlag. Stilen til Bach vart umoderne før han døydde, men i 1770-åra vart han interessant igjen, og både Haydn og Mozart studerte verket nøye.

Kvar bok inneheld 24 par preludium og fuger. Det første paret er i C-dur, det andre i c-moll, det tredje i Ciss-dur, det fjerde i ciss-moll og så vidare. Fleire av stykkene er meir eller mindre lånte frå tideglare verk, derfor finst elleve av preludia i ei anna form i boka hans «Klavierbüchlein für Wilhelm Friedemann Bach» frå 1720. Preludium og fuge i Ciss-dur (i første boka) var opphavleg skriven i C-dur. Bach gjorde om stykka till Ciss-dur ved å gje dei sju kryss som fast forteikn, samt gjere dei nødvendige endringane i mellombelse forteikn.

Tittelen til Bach indikerer at han hadde skrive for eit (12-tonars) veltemperert stemming, der alle toneartar let bra (òg kalla sirkulært temperament). Det konkurrerande systemet på Bachs tid var mellomtonestemming, der toneartar med mange forteikn let ustemnde. Det er òg foreslått at Bach faktisk visste til ei likestemming, det vil seie den metoden som vert nytta i dag, og som ikkje vart kjend før etter han døydde.

Sjølv om Bachs «Veltempererte klaver» var det første fullstendige verket med stykke i alle 24 toneartar for tangentinstrument, hadde liknande idear førekome tidlegare. Nokre døme på komponistar på slutten av 1600-talet som skreiv liknande samlingar var Johann Pachelbel, Georg Muffat og Johannes Speth. Dessutan hadde verk for alle toneartar vorte komponerte på 1500-talet, men då for strengeinstrument som lutt og teorbe.

Media[endre | endre wikiteksten]

Bok 1, preludium 1 i C-dur (BWV 846)
framført på cembalo av Martha Goldstein
Ave Maria av Gounod
Charles Gounods Ave Maria, basert på det første preludiet frå den første boka, i arrangement for piano og cello. Framført av John Michel
Bok 1, fuge i C-dur
framført på cembalo av Martha Goldstein
Bok 1, preludium i c-moll
framført på cembalo av Martha Goldstein
Bok 1, fuge i c-moll
framført på cembalo av Martha Goldstein
Bok 1, preludium i ciss-moll
framført på piano av Martha Goldstein
Bok 1, fuge i ciss-moll
framført på piano av Martha Goldstein
Bok 1, preludium i D-dur
framført på cembalo av Martha Goldstein
Bok 1, fuge i D-dur
framført på cembalo av Martha Goldstein
Bok 1, preludium 6 i d-moll (BWV 851)
framført på cembalo av Martha Goldstein
Bok 1, fuge i d-moll
framført på cembalo av Martha Goldstein
Bok 1, preludium i ess-moll
framført på piano av Carlos Gardels.
Bok 1, preludium og fuge i Fiss-dur
framført på piano av Raymond Smullyan
Bok 1, preludium og fuge i G-dur
framført på piano av Kristian Cvetković
Bok 1, preludium og fuge i giss-moll
framført på piano av Raymond Smullyan
Bok 1, preludium og fuge i a-moll
framført på piano av Samuel Cormier-Iijima
Bok 1, preludium i B-dur
framført på cembalo av Martha Goldstein
Bok 1, fuge i B-dur
framført på cembalo av Martha Goldstein
Bok 1, preludium og fuge i b-moll
framført på piano av Raymond Smullyan
Bok 1, preludium og fuge i H-dur
framført på piano av Raymond Smullyan
Bok 2, preludium og fuge i Ciss-dur
framført på piano av Raymond Smullyan
Bok 2, preludium og fuge i E-dur
framført på piano av Randolph Hokanson

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]