David Baerwald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Baerwald
Fødd11. juli 1960 (63 år)
FødestadOxford i Ohio i USA
FødenamnDavid Francis Baerwald
OpphavUSA
SjangerRock, folk, folk-pop, country
Instrumentvokal, gitar, klaverinstrument, orkestrering
Tilknytte artistarDavid + David
Verka somSongar-låtskrivar, musikar

David Francis Baerwald (fødd 11. juli 1960) er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, komponist og musikar.[1][2]

Baerwald vart først kjend i 1986 som eine halvdelen av duoen David + David med David Ricketts. Det einaste albumet deira, Boomtown, selde til platinaplate og låg over eitt år på Billboard-lista i USA. Debutsingelen «Welcome to the Boomtown» vart ein topp 40-hit i USA.[1]

Sidan skreiv Baerwald mykje musikk for andre, ofte under pseudonym, men gav òg ut to soloalbum: Bedtime Stories, med Joni Mitchell på gitar og korvokal på songen «Liberty Lies» og Triage.

Hausten 1992 starta han i lag med venen og produsenten Bill Bottrell «Tuesday Music Club», ei laus forsamling av musikarar som kvar veke spelte i lag og vart den kreative krafta bak debutalbumet til Sheryl Crow, Tuesday Night Music Club.

Songane hans er blitt spelte inn av ei rekkje varierte artistar, som frå Crow til den japanske klassiske artisten Yoshida Brothers, operalegenda Luciano Pavarotti, countryartisten Waylon Jennings, Bangles-frontkvinna Susanna Hoffs, Fishbone, countrystjerna LeAnn Rimes, jazzartisten Holly Cole, Jesca Hoop og Kristen Stewart, Nicole Kidman, Ewan McGregor, Ethan Hawke, Hayden Panettiere, Ashlee Simpson og Steven Strait, blant fleire.

Baerwald har i tillegg skrive mykje filmmusikk, mellom anna den Golden Globe-nominerte songen frå Baz Luhrmann-musikalen Moulin Rouge! kalla «Come What May».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Boomtown (1986) David + David
  • Bedtime Stories (1990)
  • Triage (1992)
  • Hurlyburly (2002)
  • A Fine Mess (1999)
  • Here Comes The New Folk Underground (2002)
  • Hellbound Train 5 song EP (2016) berre digital
  • Hard Times 8 song EP (2017) berre digital
  • Reckless Boy med the Regulators 8 song EP (2018) berre digital

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «David and David, a Couple of Musical Moralists Who Look at L.A. from Down the Up Staircase». People. 12. januar 1987. Arkivert frå originalen 22. august 2016. Henta 13. juli 2021. 
  2. «Welcome to the Boomtown». 45cat.com.