Sheryl Crow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sheryl Crow
Sheryl Crow.jpg
Verkeleg namn Sheryl Suzanne Crow
Fødd 11. februar 1962 (55 år)
Kennett, Missouri, U.S.
Instrument vokal, gitar, bass, klaverinstrument
Sjanger Pop, rock, country
Aktive år 1987 til i dag
Yrke Musikar, songar-låtskrivar, plateprodusent, skodespelarinne, aktivist
Plateselskap A&M, Old Green Barn, Warner Bros.
Nettstad www.sherylcrow.com

Sheryl Suzanne Crow (fødd 11. februar 1962) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og gitarist. Musikken hennar nyttar element av pop, rock, folk, country og blues. Ho har gjeve ut åtte studioalbum, to samlealbum, eit konsertalbum og medverka med musikk til fleire filmar. Ho har seld meir enn 17 million album i USA og over 50 millionar album verda over.[1] I tilelgg har Crow fått ni Grammy-prisar (og 32 nominasjonar) frå National Academy of Recording Arts and Sciences.

I tillegg til sin eigen musikk har Crow spelt med the Rolling Stones, Stevie Nicks, Michael Jackson, Steve Earle, Prince, Eric Clapton, Luciano Pavarotti, Willie Nelson, Smokey Robinson, B.B. King, George Strait, Tony Bennett, Kid Rock og Sting og fleire.[2] Ho har òg sunge korvokal for Tina Turner, Don Henley, Stevie Nicks, Belinda Carlisle og for Bob Dylan på hans 30-årsjubileumskonsert som artist.

Som skodespelarinne har Crow spelt i fleire fjernsynsseriar som 30 Rock, GCB, Cougar Town, Jon Stewart og Stephen Colbert's Rally to Restore Sanity and/or Fear, i tillegg til One Tree Hill.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Fjernsyn
År Tittel Rolle Merknad
1990 Cop Rock Undercover Cop Episode: «Bang the Potts Slowly»
1996 Fairway to Heaven Journalist Film
2004 One Tree Hill Seg sjølv Episode: «The First Cut Is the Deepest"
2005 Saturday Night Live Seg sjølv/musikalsk gjest Episode: Lance Armstrong/Sheryl Crow
2009 30 Rock Seg sjølv Episode: «Kidney Now!»
2010 Hannah Montana Seg sjølv Episode: «It's the End of the Jake as We Know It»
2010 Cougar Town Sara 3 episodar
2012 GCB Seg sjølv Episode: «Forbidden Fruit»
2013 The Voice: Season 4 Seg sjølv/rettleiar Laget til Blake Shelton
Film
År Tittel Rolle Merknad
1998 54 VIP Patron
1999 The Minus Man Casper
2004 De-Lovely Artist

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sheryl Crow diagnosed with brain tumour | News». Nme.Com. 6. juni 2012. http://www.nme.com/news/sheryl-crow/64153. Henta 13. august 2015. 
  2. «The Rolling Stones live at the Oakland Arena, Oakland, CA, Nov. 12, 2002 by IORR». Iorr.org. http://www.iorr.org/tour02/oakland.htm. Henta 13. august 2015. 
  3. Crow, Sheryl; Pearson, Chuck White with Mary Goodbody ; photographs by Victoria (2011). If it makes you healthy : more than 100 delicious recipes inspired by the seasons (First edition. utg.). New York: St. Martin's Press. ISBN 1429996366. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sheryl Crow