Davissundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Davissundet mellom Baffinøya i vest og Grønland i aust

Davissundet (dansk:Davisstrædet og engelsk:Davis Strait) er havet mellom det sørvestlege Grønland og Baffinøya i Canada. Havet er mellom 290 og 650 km breidt, og knyter Labradorhavet i sør med Baffinbukta i nord. Grenselinja mot Labradorhavet er sett ved 60° N og mot Baffinbukta ved 70° N.

Langs den vestlege delen av Davissundet går ein arktisk havstraum som fører isfjell mot sør. Danninga av havisen i Davissundet, vestisen, tek til sist i oktober månad i den nordvestlege delen av Baffinbukta. I løpet av november dekker havisen, frå 50 til 150 cm tjukk, det meste av Baffinbukta og den vestlege delen av Davissundet. I den austlege delen av Davissundet går ein nordgåande varmare havstraum frå Atlanterhavet opp langs den grønlandske vestkysten, som hjelper til å halde denne delen av isfri til utpå vinteren. Dette fører til at vestkysten av Grønland er lengre isfri og meir bebueleg enn den grønlandske austkysten.

I dei austlege og grunnare delane av Davissundet har rike fiskeri føregått i fleire hundreår. Også norske fiskarar har sidan det 1920-åra delteke i fisket etter særleg torsk og, i mindre målestokk, etter reker.

Davissundet, som må kunne kallast eit innhav, har namnn etter den engelske sjøfararen John Davis, som med sitt skip besøkte Davissundet fyrste gongen i 1585.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]