Baffinbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Baffinbukta
Isfjell ved Kapp York

Baffinbukta er havområdet mellom den nordvestlege delen av Grønland og dei arktiske øyane i det austlege Canada. Den 70. breiddgraden er sett som grense mot Davissundet i sør. Mot nord vert Baffinbukta innsnevra til det smale Naressundet mellom Nordvest-Grønland og Ellesmereøya. Baffinbukta er opptil 2 905 meter djup, om lag midt mellom Diskoøya og Kapp Raper på Baffinøya. I norddelen, ved innløpet til Smithsundet, er eit 50 000 km² stort polynja, eit havstykke der det heile året er ope hav.

Labradorstraumen er ein arktisk havstraum som går mot sør frå Baffinbukta og langs kystane av Newfoundland og Labrador, og som lengre sør dreiar mot aust og går i hop med Golfstraumen. Vestis er den lokale nemninga for havis danna i Baffinbukta og Davissundet, vest for Grønland.

I det 19. hundreåret var Baffinbukta eit viktig område for kvalfangst, særleg av grønlandskval og narkval. Åra 1903-06 lukkast polarforskaren Roald Amundsen å sigle den lange vegen frå Baffinbukta til Alaska med «Gjøa»; han og mannskapet hans vart dermed dei fyrste som sigla gjennom heile Nordvestpassasjen.

Baffinbukta har namn etter den engelske sjøfararen William Baffin, som i 1616 sigla opp langs vestkysten av Grønland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]