Dazhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dazhou (gul) i Sichuan

Dazhou (forenkla kinesisk: 达州; tradisjonell kinesisk: 達州; pinyin: Dázhōu) er eit byprefektur heilt nordaust i provinsen Sichuan i Kina, med grense mot provinsen Shaanxi i nord og mot Chongqing i aust. Byprefekturet har eit areal på 16 591 km², folketalet vart i 2007 berekna til 6,63 millionar.

Byprefekturet Dazhou omfattar eitt distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og fem fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Dazhou har store gassfelt og mineral-ressursar som salt, kol, mangan, litium og kalkstein. Viktigaste varene frå landbruket er flesk, storfekjøt og te. Kjemisk produksjon, kolkraft, metallurgi, tekstilindustri, byggematerialar er andre viktige næringsgreiner.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 210 går gjennom området. Riksvegen tek til i Baotou i Indre Mongolia, fører gjennom Yan'an, Xi'an, Chongqing, Guiyang og endar opp i Nanning i Guangxi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]