Dei sentraliranske fjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sahand-Bazman vulkanbelte
fjell
کوه بلقیس.jpg
Utsyn mot Kūh-e Belqeys, eit av dei sentraliranske fjella.
Land Flag of Iran.svg Iran

Dei sentraliranske fjella
31°22′41″ N 54°22′43″ E
Wikimedia Commons: Central Iranian Range

Sahand-Bazman vulkanbelte, Sahand-Bazman-bogen eller Dei sentraliranske fjella er ei vulkansk fjellkjede i Iran. Ho ligg aust for og går nesten parallelt til Zagrosfjella og strekkjer seg frå Sahand i Aserbajdsjan i nordvest til Bazman i Balutsjistan i søraust.[1] Fjellkjeda vart danna av vulkansk aktivitet i tertiær og særskild i eosen.[2] Rekkja består av kjende fjell som Sahand i Aust-Aserbajdsjan, Karkas i Karkasfjella og Marshenan i Isfahan-provinsen, Jebal Barez, Hazaran og Lalehzar i Kerman-provinsen og Bazman i Sistan og Balutsjistan i Iran.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Microsoft Encarta World Atlas, 2001, Microsoft Corporation
  2. Geological Map of Iran, National Geoscience Database of Iran, www.ngdir.ir