Delphin Strungk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delphin Strungk
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 1601
Braunschweig
Død

12. oktober 1694 (93 år)
Braunschweig

Yrke komponist
Språk tysk

Delphin Strungk (òg Strunck, fødd 1601 sannsynlegvis i Braunschweig, gravlagt 12. oktober 1694 same stad) var ein organist og komponist av den nordtyske orgelskulen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ingenting er kjend om det tidlege livet til Strungk. Det kan påvisast at han i 1631 etterfølgde Melchior Schildt som organist i Mariakyrkja i Wolfenbüttel. I 1634 vart han hofforganist i Celle. I 1637 overtok han organistposten ved St. Martini-kyrkja i Braunschweig, men fast tilsetting fekk han først to år seinare. Han hadde sannsynlegvis òg andre gjeremål, til dømes oppførte han ein musikalsk komedie ved rådhuset. Ifølgje Johann Gottfried Walthers Musikalisches Lexikon overtok han gradvis fem organistpostar i byen. Pliktene dette medførte delegerte han til borna sine og elevar. I 1649 vart Strungk organist ved St. Petri- og i 1667 ved St. Magni-kyrkjene i Braunschweig.

Innan Braunschweig var Strungk ein berømt organist. Ifølgje Walter «trakterte [han] orgelet så godt at han … tiltrekte seg mange elevar frå framande land».[1]

Strungk var ven av Heinrich Schütz. Sonen hans Nicolaus Adam vart òg ein kjend musikar.

I orgelverka sine brukte Strungk gjerne koloraturar, og veksla ofte mellom ornamenterte og meir nøkterne parti, omtrent som Heinrich Scheidemann. Strungk skreiv dessutan òg lieder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «die Orgel so wohl tractiret, daß er dadurch … viele Scholaren aus frembden Ländern an sich gezogen»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Horst-Rüdiger Jarck (red.): Braunschweigisches Biographisches Lexikon. 8. bis 18. Jahrhundert, s. 683, Braunschweig 2006
  • Max Seiffert: «Delphin Strunck». I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 36, Duncker & Humblot, Leipzig 1893, s. 665–667.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]