Demonstrasjonane på Den himmelske freds plass
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |

Demonstrasjonane på Den himmelske freds plass (Tiananmen-plassen) fann stad våren 1989 og enda med militær inngripen den 4. juni 1989 på og rundt Den himmelske freds plass i Beijing i Kina. Mange sivile vart drepe, for det meste under dei militæres fremrykning mot plassen frå vest og sør.
Mellom 15. april og 4. juni 1989 vart det halde omfattande demonstrasjonar av studentar og arbeidarar på plassen og tilstøytande område. Sjølv om protestane mangla ei samla leiing var krava auka demokrati og fridom og kritikk av korrupsjon innan det regjerande kommunistpartiet. Det var òg demonstrasjonar i andre kinesiske byar, blant dem Shanghai, men desse gjekk føre seg fredeleg.
Demonstrasjonen vart slått ned av militære styrkar og fleire hundre menneske omkom. Den kinesiske regjeringa anslo mengd døydde til 200–300, avisa New York Times oppgav 400–800 medan dei demonstrerande aktivistane meinte rundt 2–3 tusen menneske vart drepe. Til trass for korleis desse hendingane synest stadfestet av den journalistskapte nemning av dem (massakren Den himmelske freds plass), døydde langt dei fleste ikkje på plassen til sjølve Den himmelske fred, men i gater særleg vestafor plassen—fleire kilometer unna, som i og rundt nabolaget Muxidi.
Etter demonstrasjonane var slått ned gjennomførte den kinesiske regjeringa ei arrestasjonsbølgje for å undertrykkja demonstrantane og støttespelarane deira, utestengte utanlandsk presse frå landet og innførte ein streng sensur rundt det som hadde skjedd. Medlemmar av kommunistpartiet som hadde sympatisert med protestane vart utrenska, blant anna vart fleire høgtståande partimedlemmar sett i husarrest, blant anna generalsekretæren Zhao Ziyang. Den brutale undertrykkinga av protestane forårsaka massiv internasjonal fordømming av den kinesiske regjeringa.[1]
Nemningar på hendinga[endre | endre wikiteksten]
På kinesisk er hendinga mest kjend som «fjerde juni-rørsla», «fjerde juni-hendinga» eller ganske enkelt «seks-fire», etter månad og dato (4. juni). Den første nemninga samsvarer med to andre protestrørsler som vert knytt til Plassen til den himmelske fred, nemleg «fjerde mai-rørsla» i 1919 og «fjerde april-rørsla» i 1976.
I nokre samanhengar viser «fjerde juni-rørsla» meir generelt til demonstrasjonane som fann stad i ulike delar av Kina, i tillegg til hendingane i Beijing og på Den himmelske freds plass. Den kinesiske regjeringa har referert til det som skjedde som «politisk uro mellom våren og sommaren 1989».
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «16. mai 2017» frå Wikipedia på bokmål, den 16. mai 2017.