Kinas kommunistiske parti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kinas kommunistiske parti
Danghui.svg
Ideologi Kommunisme, sosialisme med kinesiske trekk
Andre namn kinesisk 中国共产党 (forenkla teikn)
中國共産黨 (tradisjonelle teikn)
pinyin Zhōngguó Gòngchǎndǎng
Oppretta 1920 (de facto), formelt 1. juli 1921
Farge Raud
Partileiar Hu Jintao
Medlemstal 77 995 000 (2009)
Nettstad english.cpc.people.com.cn

Kinas kommunistiske parti (KKP) er det styrande politiske partiet i Folkerepublikken Kina. Partiet blei stifta i mai 1920. Med sovjetisk støtte freista det få innverknad i Kina. Det kjempa mot Kuomintang (Kinas nasjonale folkeparti) i den kinesiske borgarkrigen, som enda med at kommunistane vann. Med meir enn 70 millionar medlemer er partiet det største i verda.

Frå 1960-talet og fram til Mao Zedong døydde var KKP ei vesentleg inspirasjonskjelde for delar av den internasjonale kommunismen. Partiet utvikla ein politikk og eit sett med idéar kjende som maoisme, som på 1960- og 1970-talet representerte ei grein av kommunisme som var i opposisjon til det sovjetiske kommunismen slik denne blei etter Josef Stalin døydde og Nikita Khrustsjov tok over. Viktige element i maoismen kom til uttrykk i dei store kampanjane kjende som Det store spranget og Kulturrevolusjonen, og i persondyrkinga av Mao.

Etter Mao døydde i 1976 og Deng Xiaoping tok over makta, gjekk partiet i retning av det dei kalla «kommunisme med kinesiske kjenneteikn», som endra den kinesiske ideologien i retning av ein meir open marknadsøkonomi.

Ingen leiarar av Kina har sidan Mao hatt den same graden av personkult omkring seg.

I dag søkjer mange kinesarar med vidaregåande utdanning om opptak i KKP. Mange meiner at dette heng saman med økonomiske fordelar knytte til medlemskapen. Også bedriftsleiarar i dag velkomne i partiet.

KKP støttar framleis ein eittparti-stat.

Mange observatørar meiner at partiet i stigande grad legitimerer sitt eige leiarskap med nasjonalisme framfor med marxisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]