Demonstrasjonane på Den himmelske freds plass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den himmelske freds plass i Beijing.

Demonstrasjonane på Den himmelske freds plass (Tiananmen-plassen) fann stad våren 1989 og enda med ei militær innblanding den 4. juni 1989 ved Den himmelske freds plass i Beijing i Kina. Mange sivile vart drepne under dei militære framrykkingane mot plassen frå vest og sør.

Forlaup[endre | endre wikiteksten]

Mellom 15. april og 4. juni 1989 vart det halde omfattande demonstrasjonar av studentar og arbeidarar på plassen og tilstøytande område. Sjølv om protestane mangla ei samla leiing var krava auka demokrati og fridom og kritikk av korrupsjon innan det regjerande kommunistpartiet. Det var òg demonstrasjonar i andre kinesiske byar, blant dei Shanghai, men desse gjekk fredeleg føre seg.

Demonstrasjonen vart slått ned av militære styrkar og fleire hundre menneske omkom. Den kinesiske regjeringa anslo at 200–300 døydde, avisa New York Times oppgav 400–800, medan dei demonstrerande aktivistane meinte rundt 2–3 tusen menneske vart drepne. Langt frå dei fleste døydde på sjølve Tiananmen-plassen, men i gater særleg vestafor plassen, fleire kilometer unna, deriblant i og rundt nabolaget Muxidi. Sjølv om ein ikkje veit det eigenlege talet på daude og at åstaden var meir spreidd, vart det likevel omtala som massakren på Den himmelske freds plass.

Etter at demonstrasjonane var slått ned gjennomførte den kinesiske regjeringa ei arrestasjonsbølgje for å undertrykkja demonstrantane og støttespelarane deira. Vidare utestengte regimet utanlandsk presse frå landet og innførte ein streng sensur om det som hadde skjedd. Medlemmar av kommunistpartiet som hadde sympatisert med protestane vart fjerna, blant anna vart fleire høgtståande partimedlemmar sett i husarrest, blant anna generalsekretæren Zhao Ziyang. Den brutale undertrykkinga av protestane førte til ei massiv internasjonal fordømming av den kinesiske regjeringa.[1]

Nemningar på hendinga[endre | endre wikiteksten]

kinesisk er hendinga mest kjend som «fjerde juni-rørsla», «fjerde juni-hendinga» eller ganske enkelt «seks-fire», etter månaden og datoen det føregjekk: 4. juni. Den første nemninga samsvarer med to andre protestrørsler som vert knytte til Den himmelske freds plass, nemleg «fjerde mai-rørsla» i 1919 og «fjerde april-rørsla» i 1976.

I nokre samanhengar viser «fjerde juni-rørsla» meir generelt til demonstrasjonane som fann stad i ulike delar av Kina, i tillegg til hendingane i Beijing og på Den himmelske freds plass. Den kinesiske regjeringa har referert til det som skjedde som «politisk uro mellom våren og sommaren 1989».[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Artikkel i Aftenposten.[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]