Den store journalistprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den Store Journalistprisen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vinnarane av Den store journalistprisen 2018, Finn Graff og Per Egil Hegge.

Den store journalistprisen er ein norsk mediepris for god norsk journalistikk skipa i 1991. Han er rekna som den fremste utmerkinga innan norsk presse.[1]

Prisen vart delt ut for første gong i 1992.[1] Han erstatta i røynda Narvesenprisen, som vart utdelt fram til 1990.[1]

Den store journalistprisen vert delt ut av Norsk Presseforbund, og vert delt ut til éin eller fleire medarbeidarar som i løpet av det siste året har gjort ein særs prisverdig innsats på journalistikken sitt område.[2] Juryen blir oppnemnd av Norsk Presseforbund. Utdelinga finn stad under Nordiske Mediedager i Bergen.[1]

Målet med prisen er å oppmuntre til og gjera ære på kvalitet i journalistikken.[2] Prisen kan delast ut til medarbeidarar både i trykt presse, nettpublikasjonar, radio og fjernsyn.[2]

Prisen består av eit diplom og 100 000 kroner i prispengar.[1] Han vert finansiert av Norsk Presseforbund, Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening, Mediebedriftenes Landsforening, Den Norske Fagpresses Forening, NRK og TV 2.

Prismottakarar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]