Den gule keisaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den gule keisaren avbilda i ei grav frå midten av 100-talet. Innskrifta seier: «Den gule keisaren skapte og endra svært mange ting; han fann opp våpen og brønnfeltsystemet, han skapte klede for over- og underkroppen, og skipa slott og hus.[1]

Den gule keisaren eller Huang Di (kinesisk 黃帝, Huáng Dì) er ein legendarisk kinesisk herskar, kulturhelt og stamfar. Han er tidvis rekna som den første keisaren av Kina og ein av «sanhuangwudi», 'dei tre opphøgde og dei fem keisarane'.[2] Keisaren blei særleg viktig under Krigarrika-tida (400- til 200-talet f.Kr.) og det tidlege Han-dynastiet.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje nokre av sogene heitte den gule keisaren eigentleg Xianyuan. Han blei fødd etter at mor hans, Fubao, fekk kraft frå lynet då ho var ute på tur.[2]

Ifølgje Huangfu Mi (215–282) var keisaren fødd på Shou Qiu ('Langlivsåsen'),[3] no like ved byen Qufu i Shandong-provinsen. Han skal først ha budd med stammen sin nordvest for Ji-elva og flytta seinare til Zhuolu i dagens Hebei.[4] Der byrja han dyrka jorda og temde seks slag dyr: Bjørn, brunbjørn, tiger, (貔) og xiū (貅) som seinare gjekk saman til fabeldyret pixiu og chū (貙).[4]

Kamp[endre | endre wikiteksten]

Den gule keisaren og Yandi ('flammekeisaren') var anten leiarar saman[4] eller leiarar for to stammar[5] nær Huangelva. Dei levde i ei uroleg tid.[6] På eit tidspunkt tok Den gule keisaren opp kampen for å leggja under seg ulike stridande partar.[6]

Den gule keisaren er særleg kjend for kampen sin mot Chiyou,[2] eit opprørsk monster med ein hær av demonar. Hjelpt av ulike dyr nedkjempa keisaren monsteret.[7] Seinare overvann han også Yandi.

Lærdom[endre | endre wikiteksten]

Den gule keisaren søker dao. Silkemåleri frå Ming-dynastiet.

Den gule keisaren er tillagt ei rekkkje ulike forbetringar for folket sitt. Han skal ha lært dei opphavleg nomadiske folka å byggja hus, temja ville dyr og dyrka dei fem kornslaga. [8] Han fann også mellom anna opp kjerrer, båtar og klede.[8] Keisaren skal ha fått historikaren sin Cangjie til å finna opp det første kinesiske skriftsystemet, orakelskrift. Førstekona hans Leizu skal ha funne opp silkeproduksjon og lært folk å veva og farga stoff av silke.[8]

Den gule keisaren er også knytt til ulike former for lærdom, som astronomi, den kinesiske kalenderen, eit lovverk[9] og spelet cuju.[10] I ei soge vitjer keisaren havdyret Bai Ze som lærer han alt han treng vita om overnaturleg skapningar.[11][12]

Keisaren er viktig for taoismen, og skal sjølv ha «søkt tao». Ei rekkje ulike tekstar er tillagt han, som «dei fire klassikarane til Den gule keisaren» (Huangdi Sijing), «den gøymde talisman-klassikaren til den gule keisaren» (Huangdi Yinfujing) og den grunnleggjande teksten for kinesisk medisin, «Den indre kanonen til keisaren» (Huangdi Neijing).

Udøydeleggjering[endre | endre wikiteksten]

Tempel til den gule keisaren i Shanxi.

Den gule keisaren skal ha levd i over hundre år før han møtte fabeldyra fenghuang og qilin og så døydde.[13] I nokre soger blei keisaren og hjelparane hans borne opp til himmelen av ein drake.[2] I Shanxi blei det bygd eit mausoleum med to gravstader for keisaren. Det blei også reist minne til han i Henan, Hebei og Gansu.[14]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Birrell 1993, s. 48.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Leeming, David. «Chinese Emperors». I A Dictionary of Asian Mythology. Oxford University Press, 2001.
  3. Nienhauser 1994, s. 1, note 6.
  4. 4,0 4,1 4,2 Dai & Gong 2003, s. 32.
  5. Pulleybank 2000
  6. 6,0 6,1 Haw 2007.
  7. Leeming, David. «Chiyou». I A Dictionary of Asian Mythology. Oxford University Press, 2001.
  8. 8,0 8,1 8,2 Dai & Gong 2003, s. 33.
  9. Wang 1997, s. 13.
  10. Liu Xiang (77–6 BC), Bielu 别录:"It is said that cuju was invented by Huangdi; others claim that it arose during the Warring States period" (蹴鞠者,传言黄帝所作,或曰起戰國之時); i Book of the Later Han (5th century), chapter 34, p. 1178 of the standard Zhonghua shuju edition. (zh)
  11. iFeng.com, «The traitor Bai Ze» 背叛者白澤 (zh); from Xu 2008. Retrieved on 2010-09-04.
  12. Ge 2005, s. 474.
  13. Herbert Allen Giles (1845–1935), A Chinese Biographical Dictionary (London: B. Quaritch, 1898), p. 338; sitert i Veith 2002, s. 5.
  14. «Mausoleums of the Yellow Emperor», China.org.cn. Henta 2010-08-29.

  • Delar av denne artikkelen bygger på «The Yellow Emperor» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2015.
  • Birrell, Anne (1993), Chinese Mythology: An Introduction, Baltimore: Johns Hopkins University Press, ISBN 0-8018-4595-5 , 0-8018-6183-7.
  • Dai, Yi 戴逸; Gong, Shuduo 龔書鐸, red. (2003) (på zh), Zhongguo tongshi: xuesheng caitu ban 中國通史––學生彩圖版, 1. Shiqian, Xia, Shang, Xizhou 史前 夏 商 西周 [Prehistory, Xia, Shang, and Western Zhou] (illustrated for students utg.), Hong Kong: Zhineng jiaoyu chubanshe 智能敎育出版社 [Intelligence Press] 
  • Ge, Hong 洪葛 (2005), Gu, Jiu 顧久, ed., 抱朴子內篇, Taipei: Taiwan shufang chuban youxian gongsi 台灣書房出版有限公司, ISBN 978-986-7332-46-2 .
  • Haw, Stephen G (2007), Beijing: A Concise History, London and New York: Routledge, ISBN 978-0-415-39906-7 .
  • Nienhauser, William H Jr, red. (1994), The Grand Scribe's Records, 1. The Basic Annals of Pre-Han China, Bloomington & Indianapolis: Indiana University press, ISBN 0-253-34021-7 .
  • Veith, Ilza, red. (2002), The Yellow Emperor's Classic of Internal Medicine, Foreword by Ken Rose, Berkeley and Los Angeles: University of California Press, ISBN 0-520-22936-3 .
  • Wang, Zhongfu 王仲孚 (1997) (på zh), Zhongguo wenhua shi 中國文化史 ["Chinese cultural history"]'', Wunan tushu chuban gufen youxian gongsi 五南圖書出版股份有限公司, ISBN 978-957-11-1427-9 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen som har med Kina å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.