Den maronittiske kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den maronittiske kyrkja

Våpenet til det maronittiske patriarkatet
HovudkontorBkerké kloster
Nettstadhttp://bkerki.org/ Sjå dette på Wikidata

Den maronittiske kyrkja (eller Den maronittisk-katolske kyrkja; Den maronittiske gresk-katolske kyrkja) er ei av 23 særkyrkjer i den katolske kyrkja. Kyrkja følgjer den bysantinske ritusen og brukar syrisk og arabisk som liturgisk språk, men anerkjenner paven som religiøst overhovud. Den maronittiske kyrkja har kring 3 100 000 tilhengarar, dei fleste i Midtausten, Sør- og Nord-Amerika. Ho utgjer ei av dei viktigaste religiøse gruppene i Libanon, der rundt 21 % av folkesetnaden er maronittar.

Den maronittiske krossen

Kyrkja går tilbake til heilage Maron, som levde kring 400. Ho byrja med klosterordenen han grunnla. På 600-talet utvikla maronittane seg til ei eiga kyrkje, ettersom dei var tilhengarar av monoteletismen. Patriarken, Yuhanna Marun, sigra over keisar Justinian II av Bysants. På 1100-talet gjekk kyrkja inn i ein kommunion med pavestolen.

Kyrkja har politisk sett spelt ei stor rolle i nyare tid. Den libanesiske borgarkrigen på 1900-talet stod for ein stor del mellom maronittane og muslimane. Ifølgje nasjonaltraktaten skal presidenten i Libanon vera maronitt, medan statsministeren skal vera sunni-muslim, formannen i parlamentet sjia-muslim og viseformannen drusar.

Kyrkja er leia av den maronittiske patriarken av Antiokia, som no har sete i klosteret Bkerké i utkanten av Jounieh nord for Beirut. Patriarken sidan 2011 er kardinal Bechara Boutros al-Rahi.

Sølibat er ikkje eit krav for prestane, men for biskopane og patriarkane.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Den maronittiske kyrkja er organisert i 23 eparki (bispedømme), der åtte er erkeeparki (kursivert i lista). I tillegg kjem to eksarkat (mindre skrifttype i lista).

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Den maronittiske kyrkja er delt inn i 23 eparki (bispedømme), der åtte er erkeepark (kursivert i lista). I tillegg kjem to eksarkat (mindre skrifttype i lista).

  • PATRIARKATET ANTIOKIA   Flagget til Libanon
    • Kyrkjeprovinsen Antiokia
      • Joubbe-Sarba-Jounieh eparki   Flagget til Libanon
    • Eksempt (direkte underlagt patriarken)
      • Aleppo erkeeparki   Flagget til Syria
      • Antelias erkeeparki   Flagget til Libanon
      • Beirut erkeeparki   Flagget til Libanon
      • Damaskus erkeeparki   Flagget til Syria
      • Haifa og Det heilage landet erkeeparki   Flagget til Israel
      • Kypros erkeeparki   Flagget til Republikken Kypros
      • Tripoli erkeeparki   Flagget til Libanon
      • Tyr erkeeparki   Flagget til Libanon
      • Baalbek-Deir el-Ahmar eparki   Flagget til Libanon
      • Batroun eparki   Flagget til Libanon
      • Brooklyn eparki   Det amerikanske flagget
      • Jbeil eparki   Flagget til Libanon
      • Kairo eparki   Flagget til Egypt
      • Latakia eparki   Flagget til Syria
      • Los Angeles eparki   Det amerikanske flagget
      • Mexico eparki   Flagget til Mexico
      • Montréal eparki   Flagget til Canada
      • Sidon eparki   Flagget til Libanon
      • Sydney eparki   Flagget til Australia
      • Zahle eparki   Flagget til Libanon
      • eksarkatet Jerusalem og Palestina   Flagget til Israel   Det palestinske flagget
      • eksarkatet Jordan   Flagget til Jordan
  • Underlagt romersk-katolske metropolitter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Den maronittiske kyrkja