Eter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For stoffgruppa, sjå Eterar.

Eter var eit tenkt element innan klassisk naturvitskapleg teori. I fysikk og filosofi var eter sett på som eit usynleg stoff som fylte heile universet. Lyset var tenkt å røra seg gjennom eteren på same vis som bylgjer rører seg på vatnet.

Omgrepet eter vart av filosofen Aristoteles rekna opp som eit av fem element. Dei andre naturelementa var eld, jord, luft og vatn. Aristoteles meinte at naturen slik kunne fylla ut vakuum. Eteren var «det femte elementet» — i mellomalderen gjerne kalla kvintessensen.

Teoriane om eteren vart avkrefta i Michelson-Morley sitt eksperiment, der dei synte at lysfarten var den same uansett korleis ein målte. Om lyset hadde rørt seg som bylgjer på vatn, ville farten ha variert etter kva hald ein målte på. Jorda var tenkt å røra seg gjennom eteren.

Omgrepet lever innan radioterminologi, der ein enno i dag seier at det som vert sendt ut via radio vert sendt ut «over eteren». Av den tanken kjem ordet etermedia, som er ei samnemning på fjernsyn og radio.

Datanettverkstypen Ethernet er kalla opp etter eteren.