Det Kristne Samlingsparti
Det Kristne Samlingsparti var eit norsk politisk parti som stilte til val ved stortingsvalet 1993. Partiet stilte liste berre i Vest-Agder. Der fekk det 210 røyster, eller 0,3 % av røystene i Vest-Agder, og vart dermed større enn Kristent Konservativt Parti som fekk 158 røyster i Vest-Agder same året. Partiet vart likevel ikkje representert på Stortinget og har ikkje stilt til val igjen. Partiet er ikkje identisk med dagens Kristent Samlingsparti, som ikkje oppstod før 1998.