Det Vestnorske Teateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater) er eit teater i Bergen kommune i Vestland fylke. Det vart etablert i 1988. Teateret har fast scene i Bergen sentrum, men er også eit turnerande teater. Det har nynorsk som administrasjonsspråk og spelar på nynorsk og dialekt. Det Vestnorske Teateret har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Drifta vert i all hovudsak finansiert av den norske staten og den største eigaren, Vestland fylkeskommune.

Teatersjef er Solrun Toft Iversen. Signaturprosjektet hennar er den musikalske vestlandskrønika Heim, som i fire delar tek føre seg store og små hendingar i regionen i perioden 1965-2005. Den første delen kom i 2018 og vart ein suksess, både kunstnarleg og publikumsmessig. Også Heim 2 og Heim 3 har fått positive kritikkar i pressen og gode publikumstal.

Det Vestnorske Teateret er i ferd med å renovere og bygge til teaterhuset sitt i Bergen over dei neste åra og i løpet av nokre år opne eit nynorsk teaterhus i Bergen sentrum. På Stend i Fana har ein framleis prøvescene og verkstad, i samme lokale som Hordamuseet held til.

Administrasjonen har (per mars 2020) kontorlokale i Teatergaten 35 i Bergen sentrum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]