Det angolanske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksvåpenet til Angola.

Det angolanske riksvåpenet blei teke i bruk 2. november 1990. Våpenet inneheld dei same tre symbola som det angolanske flagget: Ein machete, eit tannhjul og ei stjerne. Macheten er krosslagd med ei hakke, og står saman med rankane av mais, kaffi og bomull i kransen rundt for jordbruk og jordbruksarbeidarar. Tannhjulet dannar halve kransen rundt emblemet og symboliserer industri og industriarbeidarar. Stjerna står for internasjonalisme og framskritt. Den oppslåtte boka nede representer utdanning og soloppgangen bak henne symboliserer det nye landet. Nedst er eit banner med namnet til landet.

Riksvåpenet er skildra i tillegg 2 til den angolanske grunnloven.

Tidlegare riksvåpen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Det angolanske riksvåpenet