Det sørsudanske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Coat of arms of South Sudan.svg

Det sørsudanske riksvåpenet viser ei flodørn (Haliaeetus vocifer), ei ørn som er utbreidd i størsteparten av Sør-Sudan. Ørna har spreidd stjert og venger og ser mot venstre (for sjåaren). Framfor ørna er eit tradisjonelt skjold og eit spyd i kross med ein spade. Ørna står for styrke, motstand, majestet og visjon. Spaden står for folket sin vilje til å arbeida hardt for å fø staten sin, og våpna for viljen til å forsvara det.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]