Det arabiske havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Det arabiske havet.

Det arabiske havet eller Arabiahavet er ein del av Det indiske havet og ligg mellom kystane av Den arabiske halvøya i vest og India i aust. Iran og Pakistan ligg i nord.

Havgrensa mot sjølve Det indiske havet trekk ein frå den sørlegaste av Maldivane til Ras Hafun på austkysten av Somalia. Grensa er nokonlunde samanfallande med den undersjøiske Carlsbergryggen.

Frå Det arabiske havet går to store bukter inn på kvar side av Den arabiske halvøya: Adenbukta med Raudehavet og Omanbukta med Persiabukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.