Det franske koloniriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over det franske koloniriket. Lyseblått: det første riket; mørkeblått: det andre riket

Det franske koloniriket er områda utanfor Europa som var under fransk styre frå 1600-talet til seint i 1960-åra (enkelte ser på det franske styret på stader som Ny-Caledonia som eit framhald av dette koloniriket). På 1800- og 1900-talet var koloniriket til Frankrike det nest største i verda etter Det britiske imperiet. Det franske koloniriket strekte seg over 12 898 000 km² då det var på høgda i 1920- og 1930-åra. I lag med sjølve Frankrike utgjorde dei franske områda 13 000 000 km² på det meste, som er 8,7 % av den totale landoverflata til jorda.

Frankrike starta å opprette koloniar i Nord-Amerika, Karibia og India, etter at Det spanske riket og Det portugisiske riket hadde oppnådd suksess under oppdagingstida. Frankrike kappast med Storbritannia om å få herredømeover dei nye koloniane. Ei rekkje krigar med Storbritannia på 1700-talet og tidleg på 1800-talet som Frankrike tapte gjorde at dei gav seg med ambisjonane om å halde på koloniar på desse kontinenta, og med det enda det enkelte historikarar kallar et «første» franske koloniriket. På 1800-talet oppretta Frankrike eit nytt rike i Afrika og Søraust-Asia. Somme av desse koloniane eksisterte lenger enn invasjonen og okkuperinga av Frankrike av Nazi-Tyskland under den andre verdskrigen.

Etter krigen starta anti-kolonirørsler å utfordre dei franske styresmaktene. Frankrike kjempa bitre krigar i 1950- og 1960-åra i Vietnam og Algerie for å halde på koloniane. Mot slutten av 1960-åra hadde dei fleste franske koloniane fått sjølvstende, bortsett frå ei rekkje øyar og øygrupper som i dag er ein del av dei oversjøiske områda til Frankrike. Desse dekkjer totalt 123 150 km², som berre utgjer om lag 1 % av det franske koloniriket frå før 1939. I 2009 hadde desse områda 2 624 505 innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «French colonial empire» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • C. M. Andrew; A. S. Kanya-Forstner French Business and the French Colonialists. The Historical Journal, Vol. 19, No. 4 (Dec., 1976), s. 981–1000
    • Vincent Confer French Colonial Ideas before 1789. French Historical Studies, Vol. 3, No. 3. (Spring, 1964), pp. 338–359

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]