Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det humanistiske fakultet (tidl. Historisk-filosofisk fakultet (1946 - 2007)) er det største fakultetet ved Universitetet i Bergen. Fakultetet er blant dei beste innan sitt felt i Norden.

Fagtilbod[endre | endre wikiteksten]

Fakultetet har ca. 3700 studentar og 460 tilsette. I dag tilbyr fakultetet 12 årsstudium, 19 bachelorprogram, 27 masterprogram og 3 integrerte masterprogram. Leiar for fakultetet er dekana Margareth Hagen.

Institutta[endre | endre wikiteksten]

Fakultetet er delt inn i fire institutt og to senter:

  • Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)
  • Institutt for lingvistiske, litterære, og estetiske studium (LLE)
  • Institutt for framandspråk (IF)
  • Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF)
  • Senter for vitskapsteori (SVT)
  • Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK)

Bygget[endre | endre wikiteksten]

Fakultetet består av fleire bygg. HF-bygget ligg ved Sydnesplassen 7 på Sydneshaugen, Nygårdshøyden, ved Universitetsbiblioteket i Bergen og Johanneskyrkja. I tillegg benyttar fakultet auditorium og grupperom ved Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9, og fleire andre bygg i nærleiken. Dekanatet og den øvste administrasjonen ved fakultetet held til i Håkonsgaten. Griegakademiet held til ved Nygård skole.

Studentdemokrati og aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Humanistisk studentutval (HSU) er HF-studentane sitt talerøyr andsynes administrasjonen på fakultetet og universitetet elles. I tillegg til det studentpolitiske organiserer HSU fadderveka, ein årleg revy, eit arbeidslivsutval og studentpuben Ad fontes. I tillegg er det fleire fagutval som arrangerer fagrelaterte aktivitetar for studentane ved dei forskjellige faga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

60°23′15.349″N 5°19′4.7604″E