Sydneshaugen skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sydneshaugen skole

Kart
Sydneshaugen skole
60°23′17″N 5°19′04″E / 60.388055555556°N 5.3177777777778°E / 60.388055555556; 5.3177777777778

Sydneshaugen skole er ein tidlegare skule på Nygårdshøyden i Bergen som no høyrer til Universitetet i Bergen.

Skulen er teikna av arkitekt Kaspar Hassel og stod ferdig i 1921. Fram til 1953 vart skulen brukt som middelskule, medan det i perioden 1953–57 vart brukt til allmennlærarutdanning. Universitetet i Bergen overtok bygget i 1960, og skulen gjennomgjekk i perioden 1965–68 eit større ominnreiings- og moderniseringsarbeid. I 2001 vart det gjennomført ei oppussing av utsida av bygget.

Bygget inneheld ei kantine, lesesalar og undervisingsrom for Det humanistiske fakultet. Eit mindre areal i fjerde etasje vert nytta av forskjellige studentorganisasjonar ved fakultetet, mellom anna studentutvalet.

Sydneshaugen skole har besøksadresse på Sydnesplassen 9, og har eit areal på rundt 6800 kvadratmeter.